nyhende
Vedum måtte be naboen om hjelp
Norske bønder leverer historisk mykje korn til møllene, men for første gong kjem det ingenting frå Trygve Slagsvold Vedum. Finansministerjobben vart for travel.
I ei årrekkje har Vedum kombinert politikarjobben med bondegjerninga, også då han var landbruksminister i 2012–2023.
Rett nok har Sp-leiaren leigd bort mesteparten av jorda dei siste åra, men han har alltid stått for ein del produksjon sjølv. I år gjekk det ikkje lenger.
–Eg skjønte midt i februar at tida til å så korn i år var borte. Med opptakten til Ukraina-krigen gjekk det berre ikkje rundt, seier Vedum.
– Så alt er forpakta bort?
– Det er eit nederlag å seie ja til det, men svaret er ja.
Travelt
Det har vore spesielt mykje å gjere i Finansdepartementet i år. Stigande prisar, uro i marknadene, diskusjonar om straumstøtte og ikkje minst arbeidet med det første statsbudsjettet til regjeringa har teke mykje tid.
Heldigvis kunne ein nabo steppe inn og avlaste.
– Det er ein i nabolaget som leiger jord av meg, forklarer Vedum.
Og medan Vedum har konsentrert seg om Noregs statsfinansar, har norske bønder dyrka historisk høge nivå med korn i år. Ferske prognosar viser at produksjonen i Noreg ligg 14 prosent høgare enn snittet dei siste fem åra.
– Det er bonde eg er
På jorda Vedum eig, har det også vorte dyrka korn.
– I år er det korn, gulrøter og litt gras. Det er ein sånn tradisjonell austlands-gard som har miks av korn og grønsaker, seier han, og beskriv årets avling som god.
Vedum avviser likevel at han no berre er finansminister og ikkje lenger bonde. Han lovar å vere tilbake på traktoren for fullt ein gong i framtida, men kanskje ikkje allereie neste år.
– Vi får sjå korleis verda utviklar seg. Det er bonde eg er, men akkurat i år har eg sjeldan få timar på traktoren, seier han.
(©NPK)