nyhende

Framlegget frå Monica Vandaskog Valen (Sp) blei sett opp mot formannskapet si tilråding, men fall med 16 mot 9 røyster.Foto: Morten Vågset Møller
Framlegget frå Monica Vandaskog Valen (Sp) blei sett opp mot formannskapet si tilråding, men fall med 16 mot 9 røyster.

Vedtok å samla legane i nytt helsehus

Kommunestyret vedtok måndag kveld at den framtidige kommunale legetenesta skal organiserast i eitt felles legekontor og som ein del av eit framtidig helsehus.

Publisert Sist oppdatert

Rådmannen vil koma tilbake med ei utgreiing om kva lokale som er mest høveleg og kva tenester som bør inngå i helsehuset.

Følgde formannskapet

Vedtaket er i samsvar med tilrådingane frå hovudutval helse og omsorg og formannskapet. I kommunestyret blei vedtaket gjort med 16 mot ni stemmer. Mindretalet, som besto av representantane for KrF, SV, MDG og Sp pluss Ap-representantane Tatsiana Kozel og Per Ove Økland.

Mindretalet stemte for eit forslag frå Monica Vandaskog Valen (Sp) om å endra romløysinga ved Førde legekontor slik at det blir dimensjonert for tre legar, og dessutan byggja nytt legesenter/helsestasjon i Sveio sentrum som er dimensjonert for fire legar.

Eit stort tal tilhøyrarar var tilstades i kommunestyresalen og fylgde debatten og avstemminga. I tillegg fylgde over 500 sjåarar debatten på kommune-TV.

Mellom tilhøyrarane i salen var legane Jens Aksdal og Trond Wirkola, som begge reagerer negativt på politikarane sitt vedtak.

– Sjokkerande arroganse

– Det sjokkerande er at debatten ikkje viser at ein har henta inn kunnskapen som legane sit på. Ikkje tillitsvalde, ikkje legane har blitt spurde. Det vitnar om ein arroganse som er heilt uhøyrt. Når så store endringar skal gjennomførast i helsetenesta, burde legane ha vore ein naturleg del av prosessen. Eg har jobba som fastlege i Sveio i 40 år, og har ikkje blitt spurt til råds. Me som har mest erfaring, Trond Wirkola og eg, blei ikkje inkludert då kommunen skulle utgreia framtida for legekontora. Alt me har fått av informasjon har kome bakvegen. Det er ganske spesielt, seier Aksdal til Vestavind like etter at avstemminga var unnagjort.

Wirkola seier at han opplever avgjerda som eit politisk vedtak med lite fagleg grunnlag.

– Løyser ikkjer problema

– Eg oppfattar det som ønsketenking når dei seier at sentralisering er løysinga. Når dei samlar legane på ein stad, trur dei at «no blir alt bra». Det er det ingen grunn til å tru, særleg ikkje med tanke på den rekrutteringshistorikken me har i denne kommunen. Me har hatt meir enn 50 legar innom dei siste 40 åra. Dei fleste har berre vore her i eitt til tre år. Berre tre av oss har vore her meir enn fem år. Dette er ikkje eit nytt problem, og eg ser ikkje at dette vedtaket løyser det, seier Wirkola.

Tidlegare fastlege Jens Aksdal (t.v.) og lege Trond Wirkola reagerer på at legane ikkje vart involverte i prosessen før vedtaket om eit samla legekontor. Dei meiner avgjerda manglar fagleg forankring – og stiller spørsmål ved om den vil løyse dei reelle utfordringane i helsetenesta.

Debatten i kommunestyret starta med at ordføraren sa seg glad for engasjementet og debatten som hadde vore, og som mellom anna resulterte i 484 underskrifter til støtte for at Førde legekontor må bestå. Samstundes tok han avstand frå ein del debattinnlegg der det har vore retta negativ kritikk mot namngitte tilsette i kommuneadministrasjonen. Ordføraren vedgjekk samstundes at han ikkje var i stand til å halda lovnaden sin frå valkampen om å behalda to legekontor i kommunen.

Carl Enoksen (H) var den neste på talarlista. Han gjorde det klart at partiet hans ville støtta fleirtalstilrådinga frå formannskapet. Han fekk støtte for dette frå Vibeke Enerstvedt (Frp) på vegne av si gruppe. Også Linn Therese Erve (Ap) støtta dette forslaget, men partigruppa hennar var delt i denne saka. Som nemnt ovanfor, støtta to av Ap-representantane forslaget frå Valen om å behalda dagens struktur.

Fleire forslag

I tillegg til Valen la også Helge Matre på vegne av eldrerådet og Olav Østebø Olsen (SV) ulike forslag som begge gjekk ut på å behalda legekontora både i Førde og Sveio. Eldrerådet sitt forslag gjekk mellom anna ut på å redusera talet på legar frå tre til to i Førde på sikt. Dette blei tatt opp til avstemming først. Forslaget fekk fire stemmer.

Deretter fall SV sitt forslag mot fem stemmer før formannskapet og Valen sine forslag blei sette opp mot kvarandre.

Etter kommunestyremøtet seier Høgre sin gruppeleiar John Kristian Økland at han er nøgd med resultatet og at han meiner det inneber eit steg i rett retning for kommunen.

– Dette var viktig å få gjennom. No får me eit samla helsehus som vil sikra innbyggarane gode helsetenester med eit godt fagmiljø. Dette vil også vera eit steg i rett retning når det kjem til rekruttering og til å behalda dei legane me har.

– Trur du, eller håpar du, at dette vedtaket vil føra med seg desse positive konsekvensane?

– Det er det ingen tvil om. Hadde eg ikkje trudd det, hadde eg sett saka annleis.

Gruppeleiar for Høgre, John Kristian Økland, var glad for at kommunestyret fatta det endelege vedtaket om eit samla helsehus. Han meinte det er det beste for vidare drift av legetenesta i kommunen.

– Me vil kjempa vidare

Leiar for Førde Bygdalag og Sp-representant Tor Inge Flåten er derimot skuffa, men ikkje overraska.

Ikkje alle vil akseptera at vedtaket i kommunestyret er siste ord i saka. Hans Christian Andersen, som var blant publikum, seier det slik:

– Me har i alle fall ikkje gitt opp. Me vil kjempa vidare for å bevara strukturen som me meiner vil fungera best for innbyggarane.

Han seier også at han opplever at det ligg andre motiv bak ønsket om å sentralisera.

– Saksframlegget har store manglar, nett slik legane har peikt på. Det er ikkje objektivt i det heile tatt. Når kommunestyret har vedtatt dette, kjenner eg at me må hugsa det ved neste korsveg, seier Andersen.

Så godt som alle dei frammøtte tilskodarane reiste seg og forlet kommunestyresalen i det vedtaket om eit samla helsehus vart fatta.
Powered by Labrador CMS