nyhende
Vedtok å følgja korona-forskrifta
Måndag ettermiddag vedtok kommunestyret å formelt følgja forskrifta om førebygging av koronasmitte, som blei presenterte sist veke. I følgje ordførar Linn Therese Erve, var det ingen innvendingar til forskrifta, som kommunelegen vedtok onsdag.Strengare tiltak – Sveio følgjer nabokommunar for å avgrensa smitte
Forskrifta varer i 25 dagar, frå 12. mars til og med 26. mars.
– Kvifor måtte kommunestyret vedta dette?
– Kommunelegen har heimel til å fatta vedtak, men sidan forskrifta har ei viss varigheit, er det kommunestyret som har beslutningsmyndigheita, seier Erve.
Mynde til formannskapet
Med bakgrunn i beredskapssituasjonen knytt til koronapandemien blei det også bestemt at kommunestyret delegerer mynde til formannskapet til å fatta vedtak på vegner av kommunestyret i alle pandemirelaterte saker som krev politisk behandling fram nytt delegeringsreglement blir vedtatt.
Bakgrunnen for dette er å ha moglegheita til effektiv innføring av smitteverntiltak med nødvendig demokratisk forankring.
Gruppeleiarane for Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti og ein av dei to uavhengige får status som faste observatørar i formannskapet med talerett i alle pandemirelaterte saker, men utan røysterett, fram nytt delegeringsreglement blir vedtatt.