nyhende
Sal av kommunale bygg og eigedomar:
Vedtok å behalda nokon bygg, medan andre skal seljast
Kommunale bygg som er i bruk til aktivitetar skal ikkje leggjast ut for sal. Det bestemte politikarane i Sveio måndag kveld.
Måndag 22. februar var det møte i kommunestyret. Saka om sal av kommunale bygg var oppe til endeleg behandling, på førehand hadde politikarane signalisert at dei ville spara på bygga som er i bruk av lag og organisasjonar – og slik blei det.
Skal seljast
Rådmannen skal også gå i dialog med brukargruppene for Tinghuset, Gamle Bua skule, Bua «gamle gamle» skule, Gamle Ørevik skule, Gamle Lid skule for å få på plass ein bærekraftig driftsmodell for desse.
Han er også beden om å fremja ei sak som gjeld all bruk av kommunale bygg i regi av frivillige lag og organisasjonar, med mål om å sikra mest mogleg lik tilgang til, og like vilkår for bruk for dei ulike brukergruppene.
Introhuset, ein prestebustad, Lothebygget, Lyngvegen 1B, Eaglebygget, Mannabergvegen 25, Solheimslia 7A og 7B skal seljast.
Framlegg frå opposisjonen
John Kristian Økland frå Sveio Høgre la fram eit felles framlegg til vedtak frå Høgre, Sv, MDG, KrF og Senterpartiet, som han håpa dei to andre partia pluss dei to uavhengige kunne støtta – for å få eit samrøystes fleirtal frå kommunestyret. Forslaget var sendt ut til politikarane i posisjonen same dag som møtet, men det kom i seinaste laget.
Mellom anna var punktet med at rådmannen skulle gå i dialog med brukargruppene tatt bort i deira framlegg.
13-12
– Eg reknar med rådmannen sørgjer for nødvendige avtalar. Det viktigaste er at bygga som blir brukte ikkje blir selde, det er me alle einige om, men me skriv det på forskjellig måte, sa Mikal Møller Hovda (H), som håpa på stort fleirtal i saka.
– Det er uheldig at eit forslag kjem på ettermiddagen. Formannskapet sitt vedtak er dekkande, eg har ikkje hatt tid til å kvalitetssikra forslaget frå i dag, sa Rune Teikari frå Sveio FrP.
Håkon J. Skimmeland frå Sveio Ap slutta seg til Teikari. Asle G. Halleraker i Sveio Ap oppmoda Høgre, Sv, MDG, KrF og Senterpartiet om å heller stemma på deira framlegg til vedtak frå formannskapet, men alle parti stemte på sine eigne, derfor var det forslaget med formuleringane til Ap og FrP som fekk flest stemmer, 13 mot 12.