nyhende
Vedteke å byggja aktivitetshus i Leitevegen
Det er endeleg vedteke å byggja aktivitetshus for funksjonshemma i Leitevegen.
Ingen politikarar ba om ordet då sak om aktivitetshus for funksjonshemma var oppe i kommunestyret måndag kveld. Alle sa seg einige i å gå inn for prosjektet, med tilleggspunktet som blei vedteke formannskapet: Dersom det økonomiske forbruket forventast å stiga utover det estimatet som ligg føre per i dag, skal dette godkjennast av formannskapet.
No når administrasjonen har fått eit vedtak å jobba etter, blir det rådmannen si oppgåve å utarbeida anbodsdokument. Totalkostnad for heile prosjektet inkludert kjøp av tomt er berekna til 25,29 mill. inkl. mva.
Bernhard Jacobsen er ein av dei pårørande som har sakna tilbod til sonen sin i mange i år. Han synest det var godt å høyra at det no kjem til å skje noko.
– Me har venta lenge på dette. Får håpa anbodsrunden kjem fort i gong, og at bygginga kan begynne så snart som mogleg, kommenterer Jacobsen.