nyhende

Leiar Cato Helgelsen i Sveio Båtforening er glad for at arbeidet med molo i Buavåg får halda fram.
Leiar Cato Helgelsen i Sveio Båtforening er glad for at arbeidet med molo i Buavåg får halda fram.

Vedtaket om byggestans oppheva

Sveio Båtforening har fått medhald i klagen over at kommunen stoppa arbeidet med moloen i Buavåg. Vilkåret er at båtforeininga må søkja om igangsettingsløyve på nytt og senda inn oppdaterte teikningar.

Publisert Sist oppdatert

Vedtaket om å ta klagen til følge blei fatta fredag. Dagen før møtte leiaren i båtforeininga Cato Helgesen og leiaren i Bua Bygdalag Sveio Olav Bua representantar for kommunen for å forklara sitt syn. Kommunen var representert ved einingsleiar Bjarne Hetlesæter og saksbehandlar Arne Berg.

Vedtaket om å ta klagen til følge er grunngitt med at det ikkje har vore stans i arbeidet i meir enn to år i perioden etter etter at det blei gitt rammeløyve til prosjektet 15. april 2016.

– Me hadde eit svært godt møte torsdag og er glade for den konklusjonen kommunen har kome fram til, seier ein letta Cato Helgesen på telefon.

Han legg til at dette vedtaket har mykje å seia for Sveio Båtforening og Bua-krinsen.

Powered by Labrador CMS