nyhende
Ved varar ved
Bør du bunkre opp med ved til vinteren? Og kva for kubbar skal du i så fall fyre med?
– Det er ingen grunn til å sjå seg blind på bjørkeved. I blandingsved finst det ofte innslag av lauvtresortar som har endå høgare brennverdi enn bjørk, seier vedprodusent og gardbrukar Simen Solberg, som har klargjort over 40.000 40-liters sekkar for sal til den komande kuldesesongen.
Tømmeret hausta han tidleg i vår, og sidan fekk det soltørke fram til slutten av juni.
– Blandingsved er ofte noko billegare enn bjørk, så om du har ein tett omn, blir blandingsved også rimelegare per kilo. Det viktigaste er at veden er tørr. Den bør ikkje innehalde meir enn 20 prosent fukt, seier han.
Bjørk eller blanding?
Til liks med mange vedprodusentar har Solberg størst pågang etter bjørkeved, som har fått ord på seg for å vere den beste. Det er slett ikkje alle kundar som veit at sjølve brennverdien ikkje borgar for å gje bjørka så høg status.
Alle treslag har nemleg ulik tettleik, og dermed også ulik brennverdi og energieffekt, fortel han. Harde sortar gir mest varme per kubbe. Skilnaden i energieffekt handlar altså om tettleiken i sjølve treet. Ein kilo mellomtung bjørk og éin kilo lett gran har med andre ord nokså lik brenn- og varmeverdi.
– Forskjellen er at det går fleire vedtre av gran og furu på ein kilo enn det gjer av bjørk. Du må rett og slett legge på ved litt oftare om du fyrar med dei mjuke treslaga, forklarar Solberg.
Viktig vekt
Det er også difor fleire meiner ved bør selgjast etter vekt og fuktinnhald, og ikkje etter volum og treslag. Seniorrådgjevar Simen Gjølsjø ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) er ein av dei:
– Brennverdien per kilo er nesten den same på all ved. Det er vekta og fuktinnhaldet i veden som fortel kor mykje energi sekken inneheldt. Det er viktigare enn kva treslag det er, seier Gjølsjø, som haustar veden sin sjølv og gjerne fyrer med både osp og gran:
– Dei krokete treslaga er ikkje eigna til sagtømmer, og å bruke desse til ved, er difor god ressursutnytting. Bjørka er også blant treslaga som har lett for å være krokete. Det er nok ein av grunnane til at ho er mykje brukt som energitømmer.
Varm sikkerheit
I 2019 målte Gjølsjø og kollegaene ved Nibio volum og brennverdi på alle dei norske tresortane. Kristtorn kom heilt øvst, etterfølgt av agnbøk, barlind, bøk, ask, eik, alm, rogn, lønn og hassel. Bjørka, som nordmenn flest svergar til, kom på ein ikkje fullt så imponerande 11. plass i høve til brennverdi.
Spørsmålet somme likevel stiller seg i desse dagar, er om det i det heile er noko poeng i å fyre med ved, no som straumen er så rimeleg.
Gjølsjø minner først om at vedfyringa til nordmenn på dei kaldaste vinterdagane tek ned effekttoppane på straumforbruket, og at det i seg sjølv bidreg til å påverke straumprisen positivt.
– I den tida me lever i no, tenkjer eg også at ved er god beredskap. Å kunne varme opp huset uavhengig av elnettet og ha ei eige energiforsyning om noko skulle skje, er ei viktig sikkerheit, seier Simen Gjølsjø.
Pengar å spare
Sist, men ikkje minst, minner han om at svaret på prisspørsmålet også avheng av kva du betalar for veden. Då er me også attende til at det kan vere mykje pengar å spare om ein ikkje berre fyrar med den dyraste bjørka.
Og, at det enno ikkje er skikkeleg vinter, påpeiker Gjølsjø:
– Erfaringsmessig kjem straumprisane til å gå opp når kulda set inn. Det har dei gjort i alle år. Det vil difor forundre meg om dei ikkje gjer det i år også.