nyhende
Varslar vêret tre veker fram
Eit langt langtidsvarsel ha vore ønska lenge, og i dag lanserer Yr eit varsel som viser vêrutviklinga 21 dagar fram i tid.
Vêrvarsla viser temperaturutvikling og sjanse for nedbør dag for dag, og har også ein oppsummeringsboks med oversikt veke for veke tre veker fram. Desse langtidsvarsla vil først og fremst fortelja noko om trendar og om kor sannsynleg det er at vêret blir. Det vil for eksempel ikkje seia noko om akkurat når på dagen det begynner å regna om 2-3 veker.
Varselet finner du under fana «21-dagersvarsel» på yr.no. Her er det nye langtidsvarselet for Sveio.
Enorm utvikling
Det er ikkje ofte at varslingshorisonten blir utvida, og det har vore ei lang utvikling fram til dagens 21-dagersvarsel. På starten av 1900-talet varsla me i Norge vêret berre for inneverande dag, med ei antyding av vêret også for komande dag.
Dei siste 100 åra har vêrvarslinga hatt ei enorm utvikling både i Noreg og resten av verda. På starten av 1970-tallet begynte MET med 5-dagersvarsel på NRK TV, og på slutten av 1990-tallet starta ein å varsla 10 dager fram. I meir enn 16 år har Yr levert vêrvarsler til ålmenta.
Nyttig for bøndene
Det nye 21-dagersvarselet har lenge vore ønska av ulike brukargrupper, fortel Bård Fjukstad, som er varslingsdirektør ved Meteorologisk institutt.
– Med 21-dagersvarslet utvidar me tilbodet på en god og nyttig måte, seier Fjukstad i ei pressemelding.
Climate Future er ein av samarbeidspartnarane. Sjefsforskar Erik Kolstad, har følgd prosessen med utviklinga av det nye varselet.
– Innanfor langtidsvarsling opplever me størst behov for fleire tenester innanfor den tidshorisonten som no vil blir dekka av Yr. Bøndene me jobbar med er veldig interesserte i det som skjer meir enn 10 dagar fram i tid, og kjem nok til å ønska den nye tenesta velkomen med opne arme, seier han.
Har tatt tre år
Utgangspunktet for nye og betre tjenester på Yr er at eit vêrvarsel ikkje er komplett før det er forstått og brukt, og at det har nytte og en verdi for brukaren. Ingrid Støver Jensen er
produktutviklingssjef og leiar for Yr i NRK, og forklarar at prosessen med å jobba fram nye tjenester på Yr ofte er omfattande.
– Vegen frem til et nytt produkt har gått fra idear og diskusjoner, via fleire rundear med forskning og utvikling, design, konseptutvikling, brukartesting og betaversjon, før lansering. Arbeidet med 21-dagersvarselet har faktisk pågått i tre år, sier Støver Jensen.