nyhende

Varslar fleire kontrollar under hummarfisket

I morgon, 1. oktober, startar hummarfisket, men ikkje alle klarar å venta. I løpet av perioden 22.-26. september blei det gjort 57 beslag og levert 30 meldingar.

Publisert Sist oppdatert

Det var resultatet etter ein fellesaksjon med Fiskeridirektoratet, Kystvakta og politiet langs delar av kysten i Vestland fylke.

Hummarfisket opnar søndag 1. oktober, men det er alltid nokon som «tjuvstartar» fisket og til dømes set teiner med 60 mm opning. Det er berre lov i perioden 1. oktober til og med 30. november sør for Stad.

Feil som går igjen

– Siktemålet med aksjonen var å kontrollera reiskap i sjøen, med spesiell merksemd på reiskap for å fanga hummar. Inntrykket vårt er at det sto mindre reiskap i sjøen enn vanleg, og folk er generelt blitt flinkare til å merka reiskapane sine, seier inspektør Joakim Sande i Fiskeridirektoratet.

Felleskontrollen resulterte i 57 beslag og 30 meldingar, og det er stort sett manglande rømmingshol (råtnetråd), manglande eller dårleg merking av reiskapen og bruk av 60 mm opning som går igjen. Dette er gjengangarar ved slike kontrollaksjonar, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Varslar fleire kontroller

– Slike kontrollar har i hovudsak to mål: å avdekka lovbrot og snakka med og gi rettleiing til fiskarar me møter på sjøen. Felleskontrollar som dette er gjerne meir effektive enn om kvar kontrolletat åleine gjennomfører kontrollar, seier Sande.

I perioden før og så lenge hummarfisket er ope, vil det bli gjennomført fleire liknande kontrollar langs kysten.

For å unngå eventuelle misforståingar i samband med kontroll, tilrår Fiskeridirektoratet at deltakarnummer i hummarfisket berre blir brukt på teiner og blåser som du skal bruka til fangst av hummar.

Må melda deg på for å fiska lovleg

For mange er hummarfisket eit høgdepunkt på hausten. Men vil du fiska hummar, må du melda deg på som hummarfiskar. Det er i samband med dette du får deltakarnummer.

Då Vestavind sjekka lista dagen før sesongopninga, var det registrert 153 påmelde hummarfiskarar i Sveio. I nabokommunane Bømlo og Stord er det ein del fleire med høvesvis 581 og 226. I Haugesund er det 394, og på Karmøy heile 843.

Det er litt å hugsa på rundt hummerfisket, og som fiskar er du pliktig å setta deg inn i lovar og reglar. Det nyttar ikkje å seia at du ikkje visste om du kjem ut for kontroll og ikkje har alt i orden.

Under finn du Fiskeridirektoratet sine 10 kjappe-liste. I faktaboksen er det direkte lenker til utfyllande informasjon om dei ulike reglane.

Powered by Labrador CMS