nyhende
Varslar fare for glatte vegar frå lunsjtider torsdag
Overgangen frå flott vintervêr til vanleg vestlandsvêr kan by på utfordringar. Yr har sendt ut farevarsel for glatte vegar frå torsdag når regnet kjem.
No har det vore fint vêr så lenge at me nesten har gløymt at det kan regna på Vestlandet. Temperaturen i ferd med å stiga, og i morgon, torsdag, er det meldt at det kan koma regn frå lunsjtider.
Når bakken har vore kald så lenge, kan nedbør som kjem frysa. Yr har difor sendt ut gult farevarsel for store delar av Vestlandet og delar av Sørlandet.
Fare for is og underkjølt regn
Frå torsdag klokka 12.00 til natt til fredag er det lokal fare for is på grunn av regn som frys på kald bakke. I midtre og indre strok er det moglegheit for underkjølt regn. Regnet vil då frysa til is på vegbanen, på køyretøy og på andre gjenstandar.
Det er også meldt rikeleg med vind i Sveio frå torsdag ettermiddag. Vinden skal løya ein del natt til fredag, men frå lunsjtider fredag er vinden igjen venta å auka til sterk kuling i kasta. Både torsdag kveld og fredag kveld er det venta ein heil del regn.
Våt vinterferie
For sveibuane startar vinterferien til helga, og i Sveio det ser dessverre ut til at det blir regn i varierande grad kvar dag den kommande veka om meldingane slår til.
Temperaturen er på veg over på plussida heile døgnet. Torsdag er det venta opp mot fire grader, men frå fredag og nokre dagar framover er makstemperaturen venta å ligga rundt 8-9 grader.