nyhende

Varslar bustadkrise når eldre må bu lengre heime

Dei komande 17 åra vil det bli dobbelt så mange menneske over 80 år. Det skapar utfordringar for eldre som vil bu lengst mogleg heime. – Vi er ikkje rigga for eldrebølgja og må snarast byggje fleire bustader som er tilpassa gruppa, meiner Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL).

Publisert Sist oppdatert

– Det er fint at vi lever lenger, men bustadmassen er ikkje tilpassa slik at eldre kan bu lengre heime. Vi må både byggje fleire bustader og tilpasse bustadene den standarden som trengst. Styresmaktene må ha stimulerande tiltak og vi må erkjenne at vi har eit problem og at det no hastar med å finne løysingar, seier administrerande direktør i NBBL, Bård Folke Fredriksen til Nynorsk pressekontor.

Direktør i NBBL, Bård Folke Fredriksen.

NNBL-direktøren er spesielt oppteken av at det blir bygt tryggheitsbustader og at investeringstilskot til sjukeheimar som omsorgsbustader med heildøgns omsorg må utvidast til å gjelde tryggheitsbustader.

– Servicebustader er eit bustadtilbod til dei som er for friske for eit institusjonstilbod, men som ikkje kan bli buande i eigen bustad eller har moglegheit til å flytte til ein annan eigna bustad.

Han framhevar at også installering av heis i eksisterande lågblokker gjer at eldre kan bli buande lengre heime.

– Det er bra for bebuarane som slepp å flytte og lønnsamt for samfunnet, seier Folke Fredriksen.

Kosar seg i palmehagen

Langt frå eldrekrisa og ueigna leilegheiter har ekteparet Anne-Grethe og Nils Næsset funne paradiset sitt. Her blir du møtt av ein stor vinterhage, der temperaturen aldri droppar 20 grader. Her er også eit selskapslokale, hobbyrom og eit velutstyrt treningsrom som dei delar med dei andre bebuarane.

Dette er ein type bustader som heiter Signaturhagen og det er planlagd fleire prosjekt av denne typen leilegheiter med fokus på grøne fellesområde og som i tillegg har ekstra gjesteleilegheit på deling.

Ute er det kjølig, men i den velstelte vinterhagen er det som å unne seg eit lite opphald i Syden.

Kom godt ut av det

Anne-Grethe og Nils byr på kake og viser oss rundt i den lettstelte og flunkande nye leilegheita dei nyleg har flytta inn i. Her rår orden på alle plan og alt er så nyvaska og plettfritt at journalisten nesten må spørje om dei har rydda for eg skulle komme på besøk.

– Nei, slik har vi det alltid, ler Anne-Grethe som har orden på det meste sjølv om ekteparet nyleg har flytta frå ein stor einebustad på Kongsberg og inn i ein mykje mindre leilegheit på same staden.

Huset fekk dei 6 millionar kroner for medan leilegheita måtte dei ut med 5,6 millionar for. Samtidig selde dei møblar for eit par hundre tusen då dei skifta bustad, så økonomisk kom dei godt ut av det. Dei kjenner mange som har måtta ta opp ekstra lån for å få råd til å flytte i leilegheit.

Dyre leilegheiter på bygda

Både NBBL-direktøren og dagleg leiar i Privatmegleren i Sogndal er klar på at reknestykket for dei eldre ute i Bygde-Noreg er annleis og ikkje så gunstig for dei som vil byte ut einebustaden med ei lettstelt leilegheit.

Eigedomsmeklar Jostein Mo i Privatmegleren i Sogndal.

– Leilegheit vil alltid vera uforholdsmessig dyrt samanlikna med einebustad i vårt område, seier dagleg leiar i Privatmegleren, Jostein Mo.

Nyleg selde han prosjektet Doktorøyna der leilegheitene låg på frå drygt 4 millionar til 7,2 millionar kroner. Dette er moderne leilegheiter som er populære spesielt blant eldre fordi det ligg sentralt i Sogndal og har heis og garasje og i tillegg ligg idyllisk til ved Sogndalselva.

To soverom og to bad

– Eldre ynskjer seg ofte ei leilegheit med minimum to soverom og helst to bad. Det er viktig med parkering og heis for dei fleste. Dette er nok fordi dei kjenner seg ferdige med vedlikehald og stell av hage. Det er ofte ein høg terskel for mange å byte ut heimen dei har hatt i mange år, men eg har likevel til gode å høyre frå nokon som angrar på at dei «downsiza» og seier dei helst skulle gjort dette før, seier Mo og held fram:

– Eg opplever at det er mange som ynskjer det, men at dei er villige til å vente på det rette objektet før dei slår til. Dette kan vera ein blanding av terskelen og at mange nybygg ikkje appellerar til dei. Ofte er nybygg litt kjedelege og prisen ofte høgare enn kva ein kan forvente å få for einebustaden dei no sit i.

– Blir buande i dårlege hus

Direktør i Distriktssenteret, Marit Mellingen støttar opp om det eigedomsmeklaren seier og meiner økonomien ofte legg ein stoppar for at dei eldre kan kjøpe seg ei meir praktisk leilegheit.

Direktør i Distriktssenteret, Marit Mellingen.

– Eldre i distrikta har ikkje same moglegheit som eldre i sentrale område til å gjere strategisk flytting til aldersvennlege bustader. Lågare inntektsgrunnlag og ikkje minst mindre kapitalformue i eksisterande bustad gjer det økonomisk vanskeleg å kjøpe seg ei nyare og dyrare leilegheit.

– I små og økonomisk usikre marknader er det også få private utbyggjarar som har vilje og evne til å byggje aldersvennlege bustader. I sum gjer dette at eldre i stor grad må bli buande i einebustader som ikkje er tilrettelagde for funksjonsnedsetjing, seier Mellingen.

Ikkje rigga for eldrebølga

– Så vi er rett og slett ikkje rigga for eldrebølgja?

– Demografiutvalet sa ganske tydeleg i 2020 at vi ikkje er det. Og dei peika også – med rette – på at det er ei utfordring som må løysast i samspel mellom nasjonal og lokal politikk og at behovet for innovasjon og nytenking er stort og akutt. Å rigge seg for eldrebølgja er ikkje berre å tilpasse bustader. Vi må tenkje på nye måtar. Sånn som Vindafjord kommune i Rogaland gjer når dei tilbyr handlebuss til to nærbutikkar, ein gong i veka for dei som treng det, seier direktøren.

Angrar ikkje

Tilbake i Kongsberg sit to som absolutt ikkje angrar på at dei valte ein mindre og meir lettstelt bustad enn den dei hadde før. Det er her dei kan tenkje seg å bli gamle.

– Vi kjenner at vi har vore heldige som kan bu på denne måten og ha den fridommen vi har her. Det har på alle måtar godt over all forventning, og vi har nettopp feira 80-årsdagen til Nils i det fine selskapslokalet og ser fram til ein fin alderdommen her.

Fleire prosjekt under planlegging

Førebels er det berre på Nøtterøy og Kongsberg at Signaturhagen har ferdigstilte bustader. Men det er også planlagt prosjekt i Stjørdal, Skien, Bergen, Ås, Son og ved Tyrifjorden.

– Men vi er opne for å byggje alle stadar i landet dersom vi får tak i gode tomter, seier sals- og marknadssjef i Signaturhagen, Anne Lene Søder.

Ho seier det har vore stor interesse for prosjektet, og det er spesielt vinterhagane og den ekstra gjesteleilegheita som har gjort prosjekta så populære.

Powered by Labrador CMS