Søndag ettermiddag var Bømlafjordtunnelen stengt ei tid, då ein bil hadde mista eit dekk, det blei også meldt om brann i køyretøyet. Då klokka var 15.09 skreiv politiet på Twitter at brannen blei sløkt, tunnelen stengt og at eigar hadde varsla bilberging. Det var ikkje meldt om personskade, men at politi og brannvesen kom til staden.
Tunnelen blei først opna med redusert hastigheit, medan eitt felt var stengd fram til berginga var utført.