nyhende

Denne helga dalar temperaturen i heile landet. I høgdedrag og dalsøkk på Austlandet kan det komme ned i 20 minusgrader.
Denne helga dalar temperaturen i heile landet. I høgdedrag og dalsøkk på Austlandet kan det komme ned i 20 minusgrader.

Varmast i nord og kaldast i sør, men no søkk temperaturen over heile landet

Dei kommande dagane kan det falle enkelte snødryss fleire stader i landet. Til helga søkk temperaturen i heile landet, og på Vestlandet blir det store variasjonar.

Publisert Sist oppdatert

– Det har seg sånn at det er aller lengst nord vi finn dei høgaste temperaturane dei kommande dagane. Onsdag formiddag vart det målt 2,2 grader ved Vardø lufthamn, så det er der varmlufta heng lengst igjen, seier vakthavande meteorolog Marit Berger ved Meteorologisk institutt.

Jo lenger nord og aust ein kjem i dei tre nordlegaste fylka, desto høgare blir temperaturane, ifølgje Berger. Temperaturane held seg fram mot helga før dei gradvis søkk noko. Vêrforholda i nord held seg stabile dei kommande dagane med periodevise snøbyer.

I Midt-Noreg er onsdag den mildaste dagen før kulda sig gradvis på.

– Det blir ganske kaldt framover, og indre delar av Trøndelag kan komme ned i minus 10 grader og der omkring. Mot grensetraktene er det moglegheiter for snø.

Trass i låge temperaturar, har trønderane gode solsjansar i vente.

Store forskjellar

– På Austlandet har ein allereie fått eit lite snødryss mange stader onsdag. Det er ikkje snakk om dei store mengdene, men det er eit lite påfyll, seier Berger.

Avhengig av kvar ein er, vil gradestokken halde seg på rundt minus fem grader og noko lågare i høgda. Berger seier at dei lokale forskjellane på Austlandet kan vere store.

– I traktene rundt Folldal kan ein komme ned i godt under 20 minusgrader. Dei lågaste temperaturane er nok å finne i dalsøkk og liknande område.

– Kulda er avhengig av skydekket. Er det lite skyer, blir det lågare temperaturar, særleg på morgonkvisten, seier Berger.

På Vestlandet er det også store forskjellar dei kommande dagane, og ein kan også der vente seg noko nedbør.

– Vêrsituasjonen er sånn at ein ikkje kan seie nøyaktig kvar nedbøren vil komme. Også her er det store variasjonar.

Kaldt til helga

Felles for heile landet er den kalde helga som kjem. Temperaturane kjem til å søkke i alle områda, ifølgje Berger.

– Dei stadene der det kan komme snø, kan det også bli glatt, sjølv om det ikkje dei største mengdene vi snakkar om. Å køyre etter forholda er alltid ein god regel å ta omsyn til.

Utover litt kjøligare vêr, seier Berger at det ikkje er snakk om nokon dramatiske vêrendringar dei kommande dagane.

– Å kle seg etter vêret vil vere eit godt tips. Viss ein sjekkar på Yr, kan ein sjå at det er til dømes 1 minusgrad, medan det kjennest som minus 8. Vinddrag har ein kjølande effekt, så dette kan vere greitt å sjekke før ein skal ut.

Powered by Labrador CMS