nyhende
Varmar opp for Sigrid i Haugesund
I kveld skjer det. RÜ frå Sveio skal varma opp for popstjerna Sigrid i Martim Hall.
Sigrid er på ein lang Norges-turné, og 22 Urørt-artistar frå heile landet har eller skal varma opp for henne gjennom turneen. RÜ, aka Ruth Victoria Rømyhr, er ein av dei.
Det skjer ein månad etter at RÜ gav ut sitt kritikerroste debutalbum «La Petite Princesse». Den 21 år gamle artisten og låtskrivaren frå Sveio har jobba med albumet i studio i Oslo sidan september 2022.
NRK Urørt
Ho skriv R&B som hentar mykje inspirasjon fra uttrykket til eldre jazz, new age R&B og hip-hop. No er 11 låtar ute både digitalt og på LP.
RÜ introduserte seg sjølv våren 2023 med debutsingelen «ZENsations» frå albumet. Seinare kom singelen og EP-en «A Feminist March», singlane «Clone Wars», saman med det amerikanske bassfenomenet MonoNeon, og «DOMe». Mange har gjennom året oppdaget henne på NRK Urørt, og ho er mykje spelt på Radio102.
Travel sommar og haust
I sommar møtte ho eit stort konsertpublikum for første gong med konsert på Camp Øya (Øyafestivalen sitt talent-show), åpningshowet til Oslo Pride, kveldskonsert på Nasjonalmuseet og Skamløsprisen.
6. oktober var hun med i åpningshowet til Wunderkammer 23 – Europa sin største skeive kunstfestival i Oslo, og 23. oktober deltok ho på Groruddalen Litteraturfestival. Torsdag 19. var det sleppkonsert for debutalbumet på Baba Bar i Oslo.