nyhende

Varm mote frå Sveio

I påskeveka lanserte ILAG ein halskolleksjon som er ein smakebit på ein større kolleksjon som kjem i august.

Publisert Sist oppdatert

– Kven er betre til å strikka enn våre mødre og bestemødre? tenkte klesdesignar Renate Nipe då ho skulle finna fram til nokon som kunne strikka.

Overtydd om at dei flinkaste strikkarane i verda mest sannsynleg sit rundt i heimane sine, kontakta ho lokalavisa i Sveio og spurde kven i kommunen som var kjent for strikkinga si.

– Eg blei då anbefalt Kirsten Hovda, som viser seg å vera utruleg dyktig å strikka. Dessutan har ho eit stort og varmt hjarta for strikking og menneska rundt seg, kommenterer klesdesignar Renate Nipe begeistra.

– Nytt og spennande!

ILAG har i samarbeid med Kirsten Hovda (biletet) utvikla fire halsar i glade farger.

Kirsten Hovda er i dag pensjonist og har strikka så lenge ho kan hugsa.

– Dette med ILAG-halsane var eit nytt og interessant prosjekt, og mønsteret var lettfatteleg. Men eg kjem nok ikkje til å sitja pal og strikka halsar framover, det blir nok berre på hobbybasis, kommenterer Kirsten Hovda.

Det er ikkje få strikkeplagg ho har trylla fram mellom hendene sine opp gjennom åra, og aller helst likar ho å strikka noko nytt kvar gong.

ILAG-halsane er strikka i forskjellige garnkvaliteter i alt frå mohair og silke, til kasjmir og alpakka.

Inspirert av Sunnhordland

Det var i august i fjor at Renate Nipe slepte sin aller første kolleksjon, i sitt eige klesmerke ILAG. Alle klesplagga har velklingande namn frå Sunnhordland, mellom anna Sveio,Vassli, Valo og Føyno. ILAG har norsk inspirasjon, dyrkar det norske, noko som kjem til uttrykk i kleda. Det er også eit velklingande og inkluderande nynorsk-ord, som designaren lett kan identifisera seg med. Nipe er utflytta sveibu, har nå arbeidsplassen sin på garasjeloftet heime på Nesbru i Asker.

Powered by Labrador CMS