nyhende

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen på sjukehuset.FOTO: PRIVAT
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen på sjukehuset.

Varaordføraren har ligge tre veker på sjukehus etter flåttbitt

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) har vore på sjukehus etter eit flåttbitt. Ein alvorleg betennelse i ryggmargen gjorde ho nummen frå halsen og ned.

Publisert Sist oppdatert

Dei var komne heim frå ferie då ho vart meir og meir dårleg. Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen fekk vondt i foten og trudde det var ryggen som verka igjen.

— Vi tok CT av ryggen og såg at den var fin, då vart alle overraska. Heldigvis kom ein lege og spurte om eg kunne ha blitt bite av ein flått, seier Eriksen.

— Eg har hatt fleire flått som eg fjerna, utan at det vart noko meir ut av dei. Ingen ring rundt eller utslett, seier ho.

Alvorleg betennelse

Me ein ryggmargsprøve viste at det var ein flått som hadde skuld for plagane, og at ho no hadde ein alvorleg betennelse i ryggmargen.

Eriksen vart nummen i heile kroppen frå halsen og ned.

Ho veit ikkje når bittet har skjedd, men seier det må ha vore i løpet av sumaren.

Tre veker på sjukehus

Etter tre veker på sjukehus vart Eriksen nyleg flytta til Stord for rehabilitering. Ho er ved godt mot, men seier det er keisamt å ikkje vere særleg mobil.

— Eg gler meg til å kome i gang med alt som eg har sett på vent, seier ho.

Ho er ikkje så nummen i kroppen lenger, men mottek framleis antibiotika intravenøst.

Sjølv om det går litt betre for kvar dag, vert det nokre veker før ho kjem tilbake til kvardagen.

— Eg må sjå an korleis rehabiliteringa går. Helsa må kome først, slik må det vere, seier ho.

Eriksen er takksam for behandlinga ho fekk av sjukehuset og retter ein stor takk til helsevesenet.

— Dei har vore heilt fantastiske, seier ho.

Powered by Labrador CMS