nyhende

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) er tilbake på jobb måndag, etter eit fem veker langt opphold på sjukehus og rehabilitering.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) er tilbake på jobb måndag, etter eit fem veker langt opphold på sjukehus og rehabilitering.

Varaordføraren: — Det går framover. For ei og ei halv veke sidan gjekk eg med rullator.

Varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP) fekk alvorleg ryggmergsbetennelse etter eit flåttbit. Ho kunne korkje stå eller gå på eigne bein og vart behandla i vekevis med antibiotika intravenøst. No skal ho endeleg heim til Sveio og tilbake på jobb.

Publisert Sist oppdatert

I rehabiliteringsavdelinga på Stord Sjukehus er det ein freistande eim av skillingsbollar.

Dufta skuldast varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP), som utøv fysisk rehabilitering med hendene, nemleg baking.

— Du kan sjå at eg framleis har problem med balansen, seier Eriksen.

På kjøkenet, ved sida av eit langt rom fylt med sjukesenger og treningsapparat, står ho og følgjer med på eit brett med bakst som snart skal ut.

Vegen sjukesenga, til å gjere noko så vanleg som å gå bort til ein omn, og setje inn eit nytt brett, har vore lang.

— Når man har lege i tre veker så er det ikkje mykje muskulatur igjen. Det er jo ferskvare, seier ho.

Måtte ha rullator

For 58-åringen er det god fysioterapi å måtte bruke armar, bein og balanse. Det handlar om å gjere kroppen vant med å bere seg sjølv igjen.

Det vert god trening for bein, armar og balanse å bake bollar.

— Det går framover. For ei og ei halv veke sidan gjekk eg med rullator, fortel ho.

No kan ho gå igjen, og fredag var hennar siste dag før ho endeleg vert utskriven.

Ho gler seg til å kome heim til Sveio i helga, bygda ho ufrivillig har vore borte frå i over fem veker. Og måndag er det tilbake på jobb. Varaordføraren skal leie eit møte for hovudutvalet i helse og omsorg.

— Eg er ikkje tolmodet sjølv. Første dag på sjukehus sa eg til dei «eg har eit møte neste måndag, eg rekk vel det?». Då lo dei seg i hjel. Då kunne eg korkje gå eller stå på beina. Eg trudde eg berre skulle få medisin og så ut, men sånn vart det ikkje, seier ho.

Ein ung tilsett kjem inn, lokka til kjøkenet av baksten.

— Det luktar utruleg godt her, så flink du er, seier den unge kvinna.

Rosar dei tilsette

Ho spør litt om korleis det går, før ho forsvinn ut med ein av Eriksens bollar i handa.

Eriksen fekk ikkje så mykje bruk for alle apparata i si rehabilitering. Innerst i biletet ligg kjøkenet.

Dei tilsette på avdelinga teken godt vare på ho og det kjem berre ros om oppfølginga.

— Eg har hatt veldig god framgang på dei tre vekene eg har vore her, seier Eriksen.

Rehabilitering har vore praktisk orientert, med fokus på gåing og daglegdags bruk av kroppen.

Ho merkar kva sjukdomen har gjort med kroppen.

— Eg veit ikkje om eg klarer å opne ein brusflaske, det klarte eg ikkje for ei veke sidan. Berre denne økta med bakst gjer at eg er heilt gåen i skuldrene, seier ho.

Flåttbit

Framleis veit ho ikkje kvar på kroppen eller når ho fekk bittet som gav ho ryggmergsbetennelse av flått, berre at det skjedde.

Tidlegare år har ho aldri oppdaga flått på kroppen. I år har ho hatt fleire.

— Eg fekk den første på 17. mai, og så har det vore jamt utover sommaren. Eg har fått dei heime i hagen, seier Eriksen.

Gler seg til det vanlege livet

Bakinga går mot slutten og ho byrjar vaske ein kjøkenflate slik at restar frå egg ikkje skal setje seg.

Og det er ein solid mengde bollar som ligg klare til pasientar, tilsette og andre heldige i nærleiken.

Nok eit brett med bollar vert klar og sende freistandes duft ut til heile avdelinga.

— Dei får ha litt her på avdelinga, det er kjekt å gjere sånne ting, seier ho.

— Er skillingsbollar ein spesialitet hjå deg?

— Nei, det er berre bakst. På Ryvarden lagar eg liknande, men med vaniljekrem i, fortel Eriksen som ved sida av politikken er tilsett på kulturfyret.

Siste brett med bollar er klar og ho gjev teikn til å måtte ta farvel. Ho skal nå ein av dei siste timane hennar med fysioterapeuten.

Etter meir enn fem veker skal ho endeleg heim til Sveio og tilbake til sitt vanlege liv.

Ho seier at vert godt å kome tilbake til familie og jobb. Men det er framleis uklart når ho vert fullstendig frisk igjen.

— Det er det ingen som veit, det kjem an på kor flink eg er til å gå og trene, seier ho.

— Er du flink…?

Ho avbryt spørsmålet med latter.

— Eg er flink til alt anna, men det må eg berre bli flink til no, seier Eriksen.

Biolog: — Kvart flåttbitt er som eit terningkast

Biolog ved Flåttsenteret seier at Ruth Grethe Østebøvik Eriksen var veldig uheldig med korleis ho vart råka av flåttbit.

— No er det høgsesong for nevroborreliose, seier Yvonne Kerlefsen, rådgjevar og biolog ved nasjonalt kompetanseteneste for flåttborne sjukdomar.

Nevroborreliose er namnet på flåttbit som gjev ein betennelse i nerverøtene, slik varaordføraren fekk.

Ofte tek det ein til to månader før ein vert sjuk eller merkar symptoma. Mange oppdagar difor at dei vart råka først etter sommaren. Og sesongen er ikkje nødvendigvis over, for held det seg varmt kan ein bli bitt langt ut på året, til dømes november.

Kan sitte på kroppen i vekesvis

Når Vestavind fortel kva som hendte med varaordføraren er ikkje Kerlefsen overraska.

— Det er mange som ikkje ser flåtten og så sitter den der i fleire veker, seier ho.

Varaordføraren var ei av dei som vert bitt, men ikkje fekk synleg merkar.

Om lag 7500 nordmenn vert biten og sjuk kvart år, men berre 500 av dei vert så kraftig sjuk som Eriksen.

— Difor kan kvart flåttbitt samanliknast med eit terningkast.

Det er låg sjanse for å verte sjuk, men jo fleire bitt jo fleire sjansar.

— Særleg er det eit problem i den vaksne befolkninga, der det ikkje er uvanleg at ein får ryggproblem. Symptoma kan likne, dei er ikkje spesifikke for borreliose, seier Kerlefsen.

Blir forveksla med prolaps

Eit problem er at mange forvekslar symptoma på borrelise med prolaps, noko Eriksen også først trudde.

— Mange trur utmatting er det vanlegaste symptomet, men det er utstrålande nervesmerter i rygg og nakke, seier Kerlefsen.

Ho forstår godt at Eriksen vart overraska, då hennar smerte byrja i foten. Kerlefsen oppmodar alle til å sjekke seg kvar gong dei har vore i naturen.

— Jo tidlegare du fjernar den, jo betre. Tek du den etter tre timar er det mykje mindre sannsynlegheit for sjukdom enn etter fire dagar, seier ho.

Powered by Labrador CMS