nyhende

Sondre Natås Strand er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti. Foto: Thomas Vallestad Drageset
Sondre Natås Strand er gruppeleiar for Kristeleg Folkeparti.

– Vår oppgåve blir å verne om barna våre, våre eldre, helsetilbod, oppvekst og beredskap

Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.

Publisert Sist oppdatert
– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?
– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?

Politikarane svarar

Namn: Sondre Natås Strand

Alder: 31

Bustad: Førde

Parti: KrF

– Me lever i ei dyrtid, og i ei tid kor ein må prioritera kva som er mest viktig for kommunen. Vår oppgåve neste år blir å verna om barna våre, våre eldre, helsetilbod, oppvekst og beredskap, og at desse områda ikkje blir råka av dyrtida. Under helse vil me få ei sak som kan forma heile framtida innan helseomsorg i kommunen. Under oppvekst har me sett FAU og brukarane av skulen i førarsetet, og endring i skulestrukturen skjer ikkje utan dei med på laget.

– Under beredskap vil eg nemna å ferdigstilla Sveio brannstasjon, starta bygging av Førde brannstasjon, styrka helsestasjon for eldre, og elles styrke helsesektoren vår. Me skal klara dette utan at kommunen går med underskot, og samtidig skapa vekst. For å skapa vekst vil ein viktig sak vera å støtta Fjord Motorpark og ønskja dei velkomen til kommunen vår.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?

– Heilt klart å sikra ny brannstasjon i Førde. HMS innan brann er viktig, og Arbeidstilsynet har sett ned foten for å førebyggja kreft. Sveio er ein langstrakt kommune utan sjukebilstasjon, legevakt eller politi, og då vil nesten alltid fyrste innsats vera brannvesenet.

– I ei betent tid med krig, høge levekostnadar og elles stor usikkerheit i samfunnet, skal ikkje befolkninga i kommunen vår  i tillegg uroa seg for om det kjem hjelp innan rimeleg tid når dei har behov for det. Beredskap saman med helse, oppvekst og eldre er det me alltid må prioritera høgast.

– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?

– Eg vil nemna Kjartan Moe Hustvedt (MDG), som alltid held seg sakleg, kort, presis og utan bruk av hersketeknikk. Han har ein evne til å få fram sitt bodskap på ein effektiv måte, og på ein måte som ikkje er ufin eller krenkande mot noko eller nokon.

– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?

– Linn Therese Erve (Ap). Ho, saman med partiet sitt, har vist seg å vera ein god støtte for oss i KrF denne perioden. Eg synest Linn Therese har løfta partiet sitt betrakteleg sidan førre periode, og at me kjem til eining i mange fleire saker. Ho kjem med gode, reflekterte og fornuftige framlegg som er til stor nytte for å fatta best mogeleg vedtak for kommunen vår.

– Eg har også lyst til å nemna ei anna sterk dame, Vibeke Enerstvedt (FrP). Hennar brennande engasjement for helsesektoren vår står det stor respekt av. Ein sektor kor min kunnskap og lidenskap ikkje strekk fullstendig til. Då er det herleg å kunna  lena seg på ei så stødig dame som Vibeke er. Raus, bestemt, bein i nasen, reflektert og engasjert er ord som godt beskriv Vibeke.

– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?

– Det går mot ein soleklar blå siger til hausten, kor ei regjering styrt av FrP og H er både heilt naudsynt og uunngåeleg. Eg håpa mitt parti får ei sentral rolle i regjeringa og samarbeidet med dei blå partia, og at regjeringa no kan gje «vanlege folk» sin tur som dei vart lova så høgt av dagens regjering, og som eg endå har til gode å sjå noko til.

Powered by Labrador CMS