nyhende

Ho er opphavleg frå Ølen, men for nokre år sidan fann Agnes Ravatn (f. 1983) seg til rette i Valestrand. Arkivfoto
Ho er opphavleg frå Ølen, men for nokre år sidan fann Agnes Ravatn (f. 1983) seg til rette i Valestrand. Arkivfoto

Vann hjarta til bokbloggarane – nok ein gong

Bokbloggarar deler også ut prisar. I år går den til Agnes Ravatn, som er den første til å vinna prisen to gonger, no med romanen Dei sju dørene.

Publisert Sist oppdatert

«Ravatn skriver med intelligens og humor, hennes satiriske skråblikk som vi kjenner fra de andre bøkene hennes, er absolutt tilstede», lyder grunngjevinga frå bokbloggar Tine Sundal. Ho er ein av mange bokbloggarar landet rundt, som har nominert sine favorittbøker frå 2019.

– Det er veldig stas å bli tildelt denne prisen igjen! Det er lesarane som betyr aller mest for ein forfattar, og det er dei som gjer at eg kan leva av å skrive bøker. Derfor er ein slik pris ekstra kjekk å få, og ei sterk stadfesting om at bøkene mine blir lesne og likt der ute, seier Ravatn til Vestavind.

Demokratisk og uavhengig

I ei pressemelding frå Samlaget, går det fram at bokbloggarprisen sidan 2013 har blitt delt ut av norske bokbloggarar, som ein «demokratisk og uavhengig litteraturpris». Prisen har som eit uttalt hovudmål å kaste lys over eit utval av fjorårets bøker innanfor tre kategoriar: skjønnlitteratur, sakprosa og barn og ungdom – og med det gje forfattarar utvida merksemd.

Ravatn gjekk sigrande ut også i 2013, då med romanen Fugletribunalet som lesarfavoritt.

Årets prisvinnar er ein urovekkande roman om mørke løyndommar og farleg nysgjerrigheit. Romanen hausta god kritikk ved lansering, blant anna i Adresseavisen, der Ole Jacob Hoel trilla ein sekser, og slo fast at Dei sju dørene var «en imponerende god roman».

Powered by Labrador CMS