nyhende
Vann årets beste lam
Første gong dei deltok vann ekteparet Hege og Eirik Kristian Vigre ein gjev pris. Årets beste lam i Vestland fylke, og delt andreplass landet over. — Eg har fått god opplæring, seier Hege Vigre.
For ekteparet, som held til på ein gard i Eilerås, byrja det heile på eit kåringsjå i Valevåg i fjor haust.
— Me reiste dit med nokre lam. Det var første gong me deltok på noko slikt, seier Hege Vigre.
Første lokalt og andre nasjonalt
Saman med mannen vann ho førsteplassen i Vestland fylke, og fekk delt andreplass i heile Noreg, i kategorien Rygjasau.
— Korleis følast sigeren?
— Det var veldig overraskande. Me hadde ikkje forventa det, seier Vigre.
Dei byrja med avl for berre nokre få år sidan, men dei har openbert lært mykje og raskt.
— Det er det første året me føler at me har skikkelig kontroll. Eg har fått god opplæring, og eg har mange gode kontaktar eg snakkar med, seier Vigre.
Ho nemner særleg ein faktor som veg tungt i kåringa, og som ho har vore heldig med.
— Ull er ekstremt viktig. Eg har kjenningar i nærområdet som eg kan koma og læra av. Det er ein veldig interesse for avl, og det er det som gjer at ein får eit bra lam, seier Vigre.
På veg tilbake
Rasen dei avlar har vore vekke frå Sveio-området i mange år, av ein trist grunn.
— Rygjasau var den mest populære rasen i Sveio på 80- og 90-talet, men så kom ein sjukdom og alle måtte slakta ned bestandane sine, fortel ho.
Det har teke tid å byggja opp flokken igjen, men ho er nøgd, mellom anna fordi Rygjasau er ein rase som er såkalla «rasegodkjend». Det betyr at den ikkje har vore blanda med dei andre typane sau som er i Noreg.
— Det er godt å vera i gang med rasegodkjende dyr i Sveio.
Gravert bjølle
Sjølv om sigeren kom overraskande, har Vigre visst det ein god stund lengre enn dei fleste.
— Eg er med i styret i Raselaget for Rygjasau, så det oppdaga eg ganske tidleg på eit styremøte. Eg har visst det heile hausten, men me hadde prisutdeling på Rennesøy utanfor Stavanger no nyleg, seier Vigre.
— Kva fekk dykk i premie?
— Me fekk ein gravert sauebjølle og akklamasjon, seier ho.