nyhende
Valevåg: Politiet legg bort saka
Politiet seier at dei ikkje har midlar til å etterforska hendinga i Valevåg, kor den 11år gamle sonen til Christine Strømø vart forsøkt overtalt inn i bilen til ei framand kvinne. – Eg veit ikkje kva eg skal gjera vidare, seier ho.
– Eg ringde tidlegare denne veka. Då hadde dei ikkje noko nytt og sa at eg kunne ringa opp att i dag, seier Christine Strømø.
Ho er mora til den 11år gamle guten som vart stoppa av ei vaksen dame i bil på veg heim frå skulen, onsdag den 17. oktober. Strømø såg med eigne auge at kvinna køyrde først forbi guten, snudde i eit kryss lengre vekke, og kom så tilbake. Sjølv om han berre var 40 meter frå oppkøyrselen sin ville den framande kvinna at han skulle bli med i bilen hennar så ho kunne køyra han heim. Heldigvis reagerte guten raskt.
– Eg ser guten min legga på sprang, fortalde Strømø i etterkant av hendinga.
Ikkje råd til å etterforska
Ho meldte saka til politiet fredag den 19. oktober, og fekk beskjed to veker seinare over telefon at den kjem til å verta lagt bort av Politiet. Det skuldast at dei ikkje har midlar til å etterforska meir. Etterforskinga har bestått av fysiske søk etter bilen sjølve dagen, og så søk i politiet sine register over liknande bilar og sjåførar.
– Eg er skuffa over at dei ikkje har gått gjennom meir. Eg trudde kanskje dei hadde sjekka bomringane sidan me bur så nære tunellen, seier ho.
Over telefon vart ho fortalt at det ville ha teke fleire månadar å gå gjennom bomringen, og at viss saka hadde hatt eit meir alvorleg utfall så hadde det vore noko politiet kunne ha prioritert.
Vurderer å klaga
Strømø fortel at ho har forståing for at dei har avgrensa midlar, men er samstundes fortvila over det heile.
– Det er jo veldig sårt, seier ho.
Ei mogelegheit er å klaga på at saka vert lagt bort. Om ho gjer det eller ikkje har ho ikkje bestemt seg for enno.
– Kva gjer du no som saka vert lagt bort?
– Eg veit ikkje, eg veit ikkje kva eg skal gjera vidare. Eg føler veldig for å gjera noko, for den utryggleiken er ikkje god å bera på, svarar ho.
Det einaste lyspunktet for Strømø er korleis sonen har det.
– Heldigvis går det bra med guten min, det er jo bra, seier ho.
Vestavind har bedt politiet om ein kommentar og vil leggja den ved når dei svarar.