nyhende

Det ligg an til ein knallhard kamp om både stemmer og utjamningsmandat i valet i år. Her frå partileiardebatten på Arendalsveka. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Det ligg an til ein knallhard kamp om både stemmer og utjamningsmandat i valet i år. Her frå partileiardebatten på Arendalsveka.

Valet 2025: Ein thriller om utjamningsmandat

Valet i år ser ut til å bli ein knallhard kamp mot sperregrensa for fleire parti. Det betyr ein like hard kamp om utjamningsmandata, ifølge analytikar.

Publisert Sist oppdatert

Jo fleire parti som vaker rundt sperregrensa, jo fleire må slåst om dei i alt 19 utjamningsmandata, forklarer Johan Giertsen i Poll of polls.

Fordelinga kan avgjere om det blir dei borgarlege eller dei raudgrøne som går av med valsigeren.

– Jo fleire parti som kjem ned mot 4 prosent, jo hardare blir konkurransen, slår han fast overfor NTB.

– Dette er som eit sjakkspel. Det finst uendeleg mange scenario.

Reflektere oppslutning

Kort fortalt har kvart fylke eitt utjamningsmandat, altså 19 mandat som kjem i tillegg til dei 150 direktemandata. Desse skal bidra til å jamne ut mandatfordelinga på Stortinget slik at denne best mogleg reflekterer oppslutninga til partia på landsbasis.

Men for å få kloa i utjamningsmandata, må partia altså ha passert den magiske sperregrensa på 4 prosent.

På Poll of polls foreløpige snittmåling for august ligg både KrF og Venstre like over sperregrensa, med MDG som einaste parti under.

I tillegg får både SV, Senterpartiet og Raudt rundt 6 prosent, noko som betyr at dei høgst sannsynleg er med i kampen om utjamningsmandat fleire stadar.

Men bildet kan vere i ferd med å snu: På Norstats siste måling for NRK, Dagbladet og Vårt Land hamnar MDG over sperregrensa, mens Venstre dukkar under.

Valanalytikar Johan Giertsen i Poll of polls synest taktisk stemmegiving er eit dårleg omgrep.

Ingen automatikk

Til no har ein tommelfingerregel vore at det å komme over sperregrensa betyr minst fire representantar ekstra på Stortinget.

– Men når så mange konkurrerer om utjamningsmandata som det ser ut til at det blir i år, er det ikkje sikkert at det automatisk blir fire på kvar, påpeikar Giertsen.

MDG kan for eksempel gjere eit dårleg val i eitt fylke og ikkje få noko direktemandat derfrå, men komme over 4 prosent på landsbasis. Då kan partiet konkurrere om utjamningsmandatet frå dette fylket.

Men det same kan skje med for eksempel KrF eller Venstre i det same fylket. Då konkurrerer dei tre partia om det eine utjamningsmandatet. Dermed må det reknast ut kva parti som var nærmast å få eit mandat, og dette partiet får då utjamningsmandatet.

Taktisk = bortkasta

– Kva betydning får dette om ein vel å stemme taktisk?

– Eg trur ikkje at det er så mange som stemmer taktisk. Ein må jo gå ut frå at veljarane har ein viss sympati for partiet dei stemmer på. Eg synest det er eit dårleg omgrep som vi må slutte å bruke.

Også valforskar Johannes Bergh meiner det skal lite til før ei taktisk stemme er bortkasta.

– Det skal litt til for at ei taktisk stemme fungerer slik ein vil, eksempelvis å få eit parti over sperregrensa, seier han til NRK.

Mandat, ikkje stemmer, som avgjer

Giertsen påpeikar også at sjølv om to parti blir like store, er det ikkje sikkert at dei får like mange representantar på Stortinget.

Dersom for eksempel Frp og Høgre begge får 20 prosent, vil Frp truleg få fleire direktemandat fordi dei står sterkare enn Høgre i distrikta.

Høgre kan då konkurrere om eit utjamningsmandat i eit fylke der dei står svakt. Men då konkurrerer dei samtidig med kanskje både Venstre og KrF om det same mandatet, påpeikar Giertsen.

Dette illustrerer at representantfordelinga på Stortinget ikkje alltid reflekterer det endelege valresultatet.

– Vi kan få eit val der den eine blokka får fleire stemmer, men får færre mandat enn den andre blokka, seier Giertsen.

Skjedd før

Dette skjedde både ved valet i 2009, då dei raudgrøne vann, og i 2017, då dei borgarlege gjekk av med sigeren.

Som kjent er det den blokka som får minst 85 representantar på Stortinget, som vinn.

I valet i 2021 forsynte SV seg av flest utjamningsmandat, seks i alt, følgt av Venstre med fem og Raudt og Frp med fire kvar.

Powered by Labrador CMS