nyhende

Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.
Kommunalsjef Ingunn Toft fortel at ny lege er tilsett i Sveio.

Vaksinering onsdag: — Framleis god kapasitet

Smittetala den siste veka har gått kraftig ned i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

– Sveio hadde 13 smitta sist veke som er kraftig nedgang frå veka før der det var 40 smitta. Det har vore vesentleg lågare testkapasitet, og 12,8 % av dei testa sveibuane har vore positive, opplyser kommunalsjef helse og omsorg, Ingunn Toft.

Fleire vil ta vaksine

Toft kan elles melda at etter ein del medieoppslag har det auka på med innbyggarar som ønskjer vaksine, og det vert óg vaksinering onsdag i romjula på Vigdartun.

– Det er framleis god kapasitet så me vil oppmoda alle som har 4,5 månad sidan 2. dose til å bestilla seg time, seier Toft.

Powered by Labrador CMS