Mellom anna skal kommunen montera ljosmaster i sumar, noko som gjer at det ikkje vert mogleg med gjennomkøyring mellom Tittelsnesvegen (fv. 47) og Gullvegen.
Dét opplyser Sveio kommune på heimesida si.
Tilkome for fastbuande langs Vågedalen vil vera uproblematisk.
Dersom arbeidet vert fullført tidlegare enn planlagt, kan det henda at vegen vert opna att før 31. juli. Kommunen vil melda ifrå dersom dette vert tilfellet.
De markerte området vil vera stengt frå veke 26 til 30.FOTO: GOOGLE STREET VIEW