nyhende
Væpna aksjon på Ekrene var øving
På retur etter ein jobb på Ekrene, svingar ein sivil personbil rett framfor Vestavind og parkerer på venstre side av vegen. Ut kjem ein fullt utrusta og væpna politimann.
Han spring i løynd bak nokre store betongelement medan politimann nummer to, også han væpna, kjem ut av bilen.
Skvatt med det same
Ein alminneleg utsjåande mann kjem samstundes ruslande over grusplassen. Sekundar seinare har den første politimannen lagt han i bakken, og situasjonen blir sikra av politimann nummer to som kjem til.
Redaktøren må innrømma at ho skvatt med det same, men det går fort over når ein politimann med blå vest merka instruktør kjem roleg ruslande.
– Ingen dramatikk
– Det er ikkje noko dramatikk, berre ei øving. Dette er daglegdags for oss, og me trenar politifolk i ulike situasjonar på ulike stadar kvar dag. Det er ein viktig del av å vera budd på alle slag situasjonar, seier Stian Dahl, leiar for seksjon for operativ trening og fagutvikling i Sør-Vest politiditsrikt.
Medan me pratar har det dukka opp fleire politifolk både i uniform og sivilt. Ingen av dei var å sjå då pågripinga pågjekk
– I dag er det åtte mann frå Haugesund og Stord som trenar, fortel Dahl før han går tilbake til øvinga.