nyhende

Haugesund Lufthavn.FOTO:BROADSTONE/LUFTHAVNDRIFT
Haugesund Lufthavn.

Uvêret: SAS og Norwegian tilbyr ombooking

Publisert Sist oppdatert

Grunna det dårlege vêrvarselet for Sørvestlandet fredag ettermiddag og kveld tilbyr flyselskapa SAS og Norwegien ombooking for reisande over Haugesund lufthamn, og andre flyplassar på Sørvestlandet.

Det melder NRK.

– SAS-passasjerar kan booke seg om til tidlegast mogelege avgang. Det gjelder reisende til og frå Stavanger, Haugesund og Bergen, seier pressesjef i SAS, Tonje Sund.

Også Norwegian har gjeve tilbod sine passasjerar om å booke om fly som kan bli råka av uvêret.

Powered by Labrador CMS