nyhende
UVÊRET: — Ingen personskadar
Ved 8-tida sundag var det ikkje meldt om alvorlege hendingar etter uvêret i Sveio.
Politiet i Sør-Vest politidistrikt summerer opp natta slik for heile politidistriktet:
— Det har vore ei travel natt med mange meldingar om trer som har blåst ned, tak som har blåst av, trampolinar som fyk og liknande Ingen personskadar, skriv dei på Twitter.
Ingen større hendingar i Sveio
Førebels er det ikkje meldt om større hendingar i Sveio, utover nokre trevelt.
Ifølge kart over feilmeldingar til nettselskapet Fagne skal ingen i Sveio kommune vere utan straum no. Men om lag 100 straumkundar sør for Viksefjorden, alle i Haugesund kommune, var utan straum sundag morgon.
— Utbetring held fram sundag føremiddag, skriv selskapet.
Trafikken:
- Karmsund bru vart opna laurdag morgon etter å ha vore stengt gjennom natta.
- Ferjesambandet Langevåg-Buavåg har normal drift frå klokka 9 sundag.
- Ferjesambandet Arsvågen-Mortavika på E 39 går som normalt frå klokka 9.
- Ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg på E39 gjekk ved 8-tida som normalt igjen etter å ha vore stengt på grunn av uvêr i natt.
Veit du om spesielle hendingar i Sveio knytt til uvêret, eller har du bilete du vil dele med lesarane? Kontakt oss på e-post tips@vestavind-Sveio no eller SMS/MMS 979 53 448.