nyhende

Slik såg det ut på Haukelifjell ved 7.30-tida onsdag morgon.FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM
Slik såg det ut på Haukelifjell ved 7.30-tida onsdag morgon.

Uvêr fører til stengde fjellovergangar og kolonnekøyring

Uvêr har ført til at E134 over Haukelifjell er heilt stengt, medan riksveg 7 over Hardangervidda er stengt for personbilar.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Vegtrafikksentralen melde først at riksvegen over Hardangervidda ville vere stengt onsdag morgon, men ved 8.30-tida vart det meldt at det var opna for kolonnekøyring for køyretøy med totalvekt på 7,5 tonn eller meir. Det blir likevel åtvara om at det kan bli stengt på kort varsel.

Vegtrafikksentralen sør melde på Twitter like etter midnatt at det vart innført kolonnekøyring over E134 Haukelifjell på grunn av dårleg vêr. Rett før klokka 5 opplyser dei at strekninga er stengd og at ho neppe blir opna onsdag.

Klokka 1.45 skreiv Vegtrafikksentralen vest at det er innført kolonnekøyring på riksveg 13 over Vikafjellet. Varselet gjeld til onsdag formiddag.

Det neste døgnet kan det ifølgje Meteorologisk institutt komme opptil 45 centimeter snø på Sør- og Austlandet, noko som vil føre til vanskelege køyreforhold også andre stader enn på fjellet.

Det er sendt ut farevarsel for snø på oransje nivå.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS