nyhende

Varmt og fuktig vêr har skapt perfekte forhold for kleggen. Det gjer at du møter langt fleire av dei plagsame, blodsugande insekta enn vanleg denne sommaren. Foto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Varmt og fuktig vêr har skapt perfekte forhold for kleggen. Det gjer at du møter langt fleire av dei plagsame, blodsugande insekta enn vanleg denne sommaren.

Uvanleg mykje klegg i år

Har du kjent fleire sviande kleggbitt enn vanleg i sommar? Det er nemleg unormalt mykje klegg i år, og årsaka er det varme og tørre vêret kombinert med fuktige forhold i fjor, fortel Stein Joar Hegland, professor i økologi ved Høgskulen på Vestlandet til NRK.

Publisert Sist oppdatert

Det er berre ho-kleggen som bit, fordi ho treng blod for å kunne leggje egg. – Ho har berre éi sjanse i året, så ho går til verks med fullt alvor, seier zoolog Petter Bøckman til NRK.

Kleggen er plagsom, men også viktig. Ifølgje zoolog Petter Bøckman, hindrar kleggen dyr som rådyr og harar å beite ned same området av skogen over tid.

I motsetnad til mygg, som stikk med bedøving, brukar kleggen eit antikoagulerande stoff som kan gi sterke lokale reaksjonar.

Likevel har kleggen ei viktig rolle i naturen: Han jagar dyr som rådyr og harar, og hindrar at dei beitar ned same område over lang tid.

Vil du sleppe unna kleggen, bør du bruke lyse klede, vaske av deg sveitte, oppsøkje skugge – og vere tolmodig.

– La kleggen setje seg eit par sekund før du slår, råder Hegland.

Og hugs: Klegg er eit godvêrsproblem. Når skyene kjem, er det myggen sin tur.

Powered by Labrador CMS