nyhende

Det er no oppgradert til oransje farvarsel for sterke vindkast i Sunnhordland, Rogaland og deler av Agder. Illustrasjon: yr.no
Det er no oppgradert til oransje farvarsel for sterke vindkast i Sunnhordland, Rogaland og deler av Agder. Illustrasjon: yr.no

Uvanleg langvaring lavtrykk i vente med kraftig vind og mykje regn

Stormen «Floris» er på full fart mot Vestlandet. Yr går no ut med oransje farevarsel, og det kan bli vindkast opp i 30-35 m/s. Grensa for orkan ligg på 32,5 m/s. Middelvinden vil ligga på liten til full storm.

Publisert Sist oppdatert

Fram til klokka 10.30 måndag, var det ingen farevarsel på kraftig vind i Sveio. Men då kom oppdateringa som gjekk rett frå ingen farevarsel til oransje farevarsel om svært kraftige vindkast for Sunnhordland, Rogaland og Agder.

Varselet gjeld førebels frå midnatt tysdag 5. august til klokka 17.00. Då faren er venta å minka. Men det er venta kraftig vind heile tysdagen, natt til onsdag og tidleg morgon onsdag.

– Det er stormen som UK Met har gitt namnet «Floris» som kjem inn over oss. Det er eit lavtrykk som ikkje gir seg og vil vara uvanleg lenge med både kraftig vind og mykje regn. Eit anna moment å vera obs på og ta omsyn til, er høge bølger langs kysten, seier Anne Solveig Andersen, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Årets første hauststorm

Vindretninga vil først vera sørvest, for vinden etter kvart dreiar meir vestleg. Sterkast vind er det venta tysdag morgon. Men allereie frå måndag ettermiddag og kveld vil vindkasta kunna koma opp i liten storm. Sterkast vind ser det ut til bli langs kysten langs Bømlafjorden.

Saman med vinden kjem det mykje regn, og det kan også bli torevêr.

Det ser med andre ord ut til at årets første hauststorm kjem tidleg i år. Og det kan vera lurt å ta inn eller sikra hagemøblar, andre ting som står laust ute, kanskje ta ned paviljongar og sikra trampoliner.

Har du båt og naust, sjekk desse før vinden kjem for fullt og gjer eventuelle naudsynte sikringstiltak mot vind og høge bølger. Med så kraftig vind som det er meldt, gjeld dette også for innlandsvatn.

Stormen «Floris» er på veg mot Vestlandet og delar av Sørlandet. Illustrasjon: yr.no

Gode råd frå Yr

Sikra lause gjenstandar: Lause gjenstandar kan bli tatt av vinden, og utgjera fare for liv og verdiar. Vurder tiltak for å avgrensa skade før hendinga inntreff. Unngå ferdsel på utsette stader.

Hindringar i trafikken: Vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen. Mange reiser vil kunna få lengre reisetid. Bruer og utsette vegstrekningar kan bli stengte. Berekn ekstra tid til transport og køyring, og vurder om reisa er nødvendig. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar. Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no/trafikk.

Fare for innstilte avgangar: Det er fare for innstillingar av flyavgangar, båtar og anna transport. Følg råd og sjekk status frå transportaktørar.

Fare for straumbrot: Fare for skade på infrastruktur. Straumforsyninga vil kunna bli påvirka, for eksempel som følge av tre som knekk eller kjem i kontakt med straumnettet.

Lokalt høge bølger: Den sterke vinden kan gi lokalt høge bølger i fjordstrøk og innsjøar.

Når høye bølger treff land: Høye bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona. Vis varsemd ved ferdsel i strandsona.

Powered by Labrador CMS