nyhende

Bygg og anleggsteknikk fagbrev svennebrev
Illustrasjonsfoto.

Utvida tilbod til vaksne utan fagbrev i Vestland

Vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning kan no få opplæring for å ta fagbrev. Verksemder kan søkja pengar gjennom ordninga Kompetansepluss, der nødvendig kompetanse til å meistra krav og omstilling i arbeidslivet vil bli gitt.

Regjeringa har løyva midlar, og berre eitt fylke får meir midlar enn Vestland.

– Mange av dei som skal delta på kursa har lang arbeidserfaring, men treng å læra seg mellom anna lesing, skriving og rekning betre. Eg håpar dei som deltek på kursa får den læringa dei treng for å kunna skaffa seg eit fagbrev. Det vil gjere at dei stiller sterkare i eit arbeidsliv med stadig høgare krav til formell kompetanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Av dei 997 planlagde deltakarane på landsbasis, har 556 innvandrarbakgrunn og 265 er permitterte under pandemien.

11 kurs i Vestland

Dei nye kursa som no kjem er fordelt på fagområda bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag.

Kursa er også opne for permitterte og arbeidsledige, i tillegg til personar som allereie er innanfor arbeidslivet, men manglar formell kompetanse. Det blir til saman oppretta 11 kurs i Vestland fylke.

Powered by Labrador CMS