nyhende
Utvalsmedlem slaktar rapport om færre private leverandørar i velferdstenestene
– Ubalansert og lite objektiv, meiner NHO om rapporten som drøftar om private kan kuttast ut frå velferda i Noreg. Høgre meiner rapporten bør leggjast i skuffa.
– Helseminister Vestre har sagt han vil opne opp for auka bruk av private for å få ned ventetida, og då blir denne utgreiinga heilt meiningslaus, seier helsepolitisk talsperson Bård Hoksrud i Framstegspartiet.
– Vi har lenge hatt eit mål om å fase ut dei kommersielle i velferda for at pengane ikkje skal forsvinne ut i profitt. Men det er eit politisk spørsmål. I dag fekk vi også ei fagleg vurdering korleis det kan skje, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.
Overlevert regjeringa
To år har det omdiskuterte Avkommersialiseringsutvalget sett på om kommersielle aktørar kan fasast ut av offentlege og skattefinansierte velferdstenester. Torsdag vart hovudrapporten overlevert digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).
– Vi foreslår ikkje utfasing, vi foreslår ikkje avkommersialisering. Det er viktig, sa utvalsleiar Jan-Erik Støstad under presentasjonen.
Utvalet meiner likevel at private leverandørar inn i velferdssystemet skal regulerast betre og strengare.
NHO: Politisk lada premiss
Medlemmene i utvalet, frå Private barnehagers landsforbund og NHO har teke dissens på delar av konklusjonane i rapporten, medan eit fleirtal på ni står samla.
Næringspolitisk direktør i Abelia, Nils-Ola Widme, representerte NHO i utvalet. Han gir den over 400 sider lange rapporten det glatte lag.
– Rapporten er ubalansert og lite objektiv, med kraftige angrep mot private utan grunnlag i fakta. Fleirtalet i utvalet lèt seg styre av ein politisk lada premiss om at kommersiell drift er negativt og overser korleis velferdstenestene i Noreg er bygd opp som offentlege tenester, seier Widme.
Han seier at det er pasientane som vil lide for at enkelte andre skal slå politisk mynt på å fjerne private tilbydarar av tenester.
SV: Fullt mogleg å kutte ut private
Utvalet vart sett ned som følgje av budsjettforliket til regjeringa med SV hausten 2021. Torsdag var SV-leiar Kirsti Bergstø fornøgd med moglegheitene som utvalet gjer greie for.
– Eg bit meg merke i at det er fullt mogleg å ta det kommersielle ut av velferda vår, men at det krev politisk vilje, seier SV-leiaren vidare.
Ho peikar på at det sterk kontrast mellom dekning av velferdstenester som sjukehus, barnehagar og barnevernstilbod, og andre typar behov og anskaffingar i det offentlege.
– Formålet er å dekkje grunnleggjande behov for omsorg, opplæring, helse og tryggleik og det står i sterke kontrast til kommersielle behov, seier ho.
– Livsfjernt
Høgre har kritisert nedsetjinga av utvalet, og nestleiar Tina Bru kom torsdag med ein klar beskjed. Ho kallar det livsfjernt av Støre-regjeringa å kaste private aktørar ut av samarbeidet med det offentlege.
– Ein av dei tinga eg synst er mest oppsiktsvekkjande er at utvalet kjem med påstandar som ikkje er greidde ut. Det verkar som om analysane er tekne rett ut av talepunkta til Støre-regjeringa, seier Bru.
Framstegspartiet deler Høgres oppfatning, men uttrykkjer seg endå tydelegare.
– Dette er eit makkverk, fordi mandatet deira er som ein ideologisk søppelsekk som har vorte tredd ned over hovudet på utvalet, seier Hoksrud.
I Raudt er ein ikkje uventa av heilt motsett oppfatning. Seher Aydar meiner regjeringa med ein gong kan setje i gang å fase ut kommersielle aktørar.
– Høgresida har lenge skove EØS-avtalen framfor seg, at han står i vegen for at dei kommersielle kan fasast ut av velferda. Utvalet slår fast at det ikkje stemmer. Vi kan starte å ta tilbake kontrollen frå dei kommersielle kreftene i morgon, seier Aydar.
Fagrørsla vil ha private ut
Fagrørsla er ikkje uventa av ei anna oppfatning enn arbeidsgivarane og næringslivet. I LO meiner ein i rapporten synleggjer korleis bruken av kommersielle aktørar i offentleg finansierte velferdsteneste aukar forskjellane i Noreg.
– Bruken av kommersielle aktørar i velferda undergrev den norske modellen, svekkjer tenestene og skaper aukande forskjellar. Utvalet har no peika ut retninga for korleis dei kommersielle kan fasast ut, utan at det går ut over ideelle aktørar, seier LOs nestleiar Sissel M. Skoghaug.
I Norsk Tjenestemannslag, som er den største fagforeininga i Nav, seier Ellen Dalen at utvalet har levert ei grundig utgreiing og dei no forventar at regjeringa kuttar bruken av kommersielle aktørar blant dei som leverer ulike former for oppfølging av dei som treng hjelp til å komme inn i arbeidslivet.
Leiar Mette Nord i Fagforbundet tek reaksjonen frå LO litt vidare. Ho hevdar ei avkommersialisering vil vere billigare for samfunnet og frigi meir pengar til velferd.
– Pasientar og brukarar er tente med at velferdstenestene ikkje er kommersielle. Det sikrar alle lik tilgang til gode tenester innan eldreomsorg, barnehage, skule og sjukehus over heile landet, seier Nord.