nyhende

Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskule (NHH) Ola Honningdal Grytten har leia eit utval som har sett på inntektene til norske bønder. Foto: Marit Hommedal / NTB
0zz5R0EP71k.jpeg

Utval: — Du kan ikkje vedta kva bønder dei skal tene

Grytten-utvalet, som har fått i oppdrag å greie ut inntekta til bøndene, har lagt fram rapporten sin. Dei foreslår endringar i sektorrekneskapen for landbruket.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Måndag la Grytten-utvalet for måling av inntekt i jordbruket fram resultatet av arbeidet dei har gjort det siste året.

Utvalet, som er leidd av Ola Grytten, foreslår endringar i den såkalla totalkalkylen, som er ein sektorrekneskap for jordbruket, og å bruke vanlege rekneskapsprinsipp og å bruke omgrep som «driftsresultat» og «årsresultat».

Fem konklusjonar

Avisa Nationen samanfattar konklusjonane frå rapporten i desse punkta:

* Utvalet vil modifisere totalkalkylen som Budsjettnemnda for landbruket legg fram årleg, så han blir meir i tråd med standard rekneskapsoppsett.

* Dei vil bruke resultat før skatt som det relevante resultatmålet og ikkje skilje mellom vederlaget til resultatet til arbeid og eigenkapital.

* Bruke gardsrekneskap (skattedata) for å gi uttrykk for variasjon i utnytting av inntektsmoglegheitene i næringa.

* «Hybridmodellen» som kombinerer den modifiserte totalkalkylen med skattedata som grunnlag for nivåsamanlikning.

Grytten: Bønder er ikkje lønnstakarar

I Hurdalsplattforma har regjeringa vedteke at bønder skal ha same inntektsmuligheit som andre grupper. På pressekonferansen understreka utvalsleiar Grytten at dei meiner bønders inntekt ikkje kan samanliknast direkte med lønnstakarars inntekt.

– Ein bonde er ikkje ein lønnstakar, men ein som driv som sjølvstendig næringsdrivande. Då må vi sjå på det ut frå prinsippa som gjeld for andre næringsdrivande, sa han på pressekonferansen.

– Næringsdrivande opererer i ein marknad, og du kan ikkje vedta kva dei skal tene. Medan ein lønnstakar får lønna si, sa han vidare.

Han sa også at utvalet har sett bort frå inntektssituasjonen i landbruket dei siste åra, kor mange bønder har slite med ein kraftig kostnadsvekst.

Utvalet har ikkje gjort eigne berekningar av kva bønder tener.

Bondelaget er skuffa

Norges Bondelag meiner den nye rapporten om inntekta til bøndene ikkje svarer godt nok på korleis inntektene i landbruket bør reknast ut.

Grytten-utvalet la i dag fram rapporten sin om korleis inntektene til bøndene bør reknast ut.

Regjeringa skreiv i Hurdalsplattforma at bønder skal ha same inntektsmoglegheiter som andre yrkesgrupper, men utvalsleiar Ola Grytten meiner det ikkje er noko politikarane kan vedta.

Utvalet har ikkje lagt fram nye tal for kva bønder tener.

Norges Bondelag-leiar Bjørn Gimming er skuffa over rapporten.

– Det er svært viktig å finne ein god måte å måle inntekta til bonden på. Inntektsutvalet si vurdering svarer ikkje godt nok på denne oppgåva, seier Gimming i ei pressemelding.

Han meiner at høyringsrunden no blir viktig.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS