nyhende
Utslåtte tenner og plagsam oppførsel
To menn i 20-åra og ein i 50-åra var involverte i hendingar i Sveio i helga.
Natt til laurdag fekk politiet melding om ei valdshending i Valevåg. Der låg MS «Sunnhordland» til kai. Politiet veit førebels ikkje om dei to mennene i 20-åra som slåss har tilknyting til båten eller mannskapet.
Politiet fekk melding om slagsmålet rundt klokka 01.45.
– Den fornærma hadde fått slått ut nokre tenner og blei køyrt til Stord for sjekk. Den mistenkte hadde forlate staden, men politiet kjenner identiteten hans og etterforskar saka vidare, seier vaktsjef André Skram Hansen ved Haugesund politistasjon måndag føremiddag.
Seinare på laurdagen blei politiet kontakta av St1 på Haukås.
– Det var ein mann som oppførte seg plagsamt mot dei tilsette. Vedkommande er ein mann i 50-år, og me jobbar me å finna identiteten hans, seier Skram Hansen.