Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Utsira var fyrst med kvinneleg ordførar
I år er det 100 år sidan Noregs fyrste kvinnelege ordførar tok til i embetet. Det skjedde ikkje utan kontrovers, noko som har vart heilt til våre dagar.
– Kva som eigentleg hende, kan me ikkje vita sikkert, men historia seier at det var meint som eit peik mot det sitjande kommunestyret, seier Hjørdis Halleland Mikalsen
Ho er nok den leiande eksperten på Aasa Helgesen, den fyrste kvinna vald til ordførar i Noreg. Ho kom i fjor med ein biografi om ordføraren, og fortel at valet var ein skandale frå fyrste stund.
Skattesnusk og protest
Utsira kommune vart utskild frå Torvastad kommune i 1924, og eit mellombels styre vart utvald til å sitja fram til valet i 1925. I denne perioden var det éi sak som prega lokalpolitikken: skattesnylting.
Klovning-familien var mistenkte for å snylta på skatten, og kommunestyret gav klår beskjed om at dette ikkje var noko dei ville sjå mellom fingrane på.
– Dei som støtta familien ville spela dei høge herrane i kommunestyret eit peik, og laga ei rein kvinneliste til valet. Dei hadde nok ikkje sett føre seg at dei ville vinna. Dei trudde nok at ingen ville godta det, at det ikkje ville verta godkjend, men det var eit lovleg val, seier Halleland Mikalsen.
Det vart ropt om nyval i avisene, og lensmannen som stod ansvarleg for valet skamma seg slik over resultatet at han ikkje ville offentleggjera valprotokollen. Den dukka faktisk ikkje opp att før på 90-talet, då ein etterkomar av lensmannen rydda på loftet.
Like fullt vart resultatet ståande. Utsira enda ikkje berre opp med ei kvinne med ordførarkjede, men også eit kommunestyre der 11 av 12 medlemmer var kvinner.
Stas, men …
I dagens Utsira er det endå ein gong ei kvinne som sit med makta. Marte Eide Klovning, som har vore ordførar i kommunen sidan 2011, er faktisk den fyrste kvinna i vervet sidan Helgesen gjekk av i 1928. Ho er også ein etterkomar etter Klovning-familien som vart skulda for skattesnusk.
– Kva betyr det for deg, at Utsira var ein slik føregangskommune?
– Det er stas, sjølv om det har vore omstridd. Det var jo ikkje dei sjølve som valde å stilla til val, men når det fyrst skulle skje var det ikkje unaturleg at det var her.
Utsira er ein typisk kystkommune, og mennene der var ofte lenge vekke på sjøen.
– Det var kvinnene som styrte samfunnet elles, slår ordføraren fast.
Eide Klovning fortel at ho ikkje tenkte så mykje over dette kapittelet i kommunehistoria då ho vart vald, men at ho seinare har tatt mot av henne.
– Me har ofte vanskelege saker, og eg spør meg sjølv kvifor eg gidd å halda på med dette. Då tenkjer eg på at eg har vald å stilla, at eg ikkje har noko konflikt mellom å vera kvinne og politikar og at alt ligg til rette for at det skal gå bra. Dei hadde det mykje vanskelegare.
– Stolte av det i dag
For dei hadde det verkeleg vanskeleg, desse 11 kvinnene som plutseleg måtte styra ein heil kommune, utan ein gong å ha stilt til val. Særskild Helgesen og familien fekk det tungt.
– Me er veldig stolte av det i dag, men det har ikkje alltid vore like enkelt. Det har vore opprørande for familien hennar, seier Eide Klovning.
Etter kvinnene i Utsira gjekk av, kom det ikkje inn fleire kvinner i politikken der før på 80-talet, då tre stykke kom inn i kommunestyret. Ordføraren meiner det ikkje kom av dårleg styring av Helgesen, men at det rett og slett vart for mykje oppstyr kring saka.
– Det opprørte så mange, og det vart så mykje drama. Det skremde vekk mange. Dei tre som stilte i 1980 var alle innflyttarar. Eg trur ikkje kvinnene her ikkje hadde meiningar, men det heile hadde vore vanskeleg for samfunnet.
Ei stor skam
Halleland Mikalsen nyttar gjerne litt hardare ord enn «vanskeleg.»
– Det som fascinerer meg er denne enorme skamma. Aasa vaks opp i Marnardal, og der har dei alltid vore veldig stolte av henne, men på Utsira har dei skamma seg.
Forfattaren seier samfunnet på Utsira har prøvd å feia det heile under teppet. Det klarte dei også så grundig at då den tredje kvinnelege ordføraren i Noreg vart vald – Anna Sofie Herland i Solund i 1955 – var folk overtydde om at ho var fyrst ute med distinksjonen.
For dei åtte ungane til Helgesen og mannen har dette vore noko som følgde dei gjennom livet.
– Ei av dei vart intervjua på sine eldre dagar, og byrja å gråta under intervjuet. Dei vart mobba ordentleg då dei var små. I 2013 vart det avduka ei byste av Aasa på øya, og fleire menneske i lokalsamfunnet nekta å møta opp. Seinast då kalla borna det ein frykteleg skam.
Levde anonymt
I dag går ting betre på Utsira. I fjor hadde kommunen fleire arrangement for å markera valet i 1925, og det var i samband med dette at biografien om Aasa Helgesen kom ut. I dag er folk på øya stolte av føregangskvinna.
Resten av livet levde Helgesen eit anonymt tilvære, utan å gjera så mykje av seg, fortel Halleland Mikalsen.
– Kanskje ho tenkte at ho hadde hatt si tid. Då ho vart 90 vart ho intervjua i Aftenposten, og hadde framleis sterke meiningar om lokale ting. Ho var engasjert då òg, men etter alt det som skjedde sat ho nok litt stille i båten.
I dag er Helgesen ein inspirasjon for mange. I 2013, i samband med hundreårsjubileet for kvinneleg stemmerett, kom ho på 15. plass i VG si kåring over dei viktigaste kvinnene i landet sidan 1913, i celebert selskap med folk som Gro Harlem Brundtland, Gina Krog og Kirsten Flagstad.
Ifølgje SSB er det etter kommunevalet i 2023 kring 37 av ordførarane i landet som er kvinner. Det er partia på venstresida som gjer det best, men berre SV har eit fleirtal av kvinner med kjedet kring halsen.
40,7 prosent av representantane i kommunestyra kringom er kvinner.