nyhende
Utset jonsok og slår saman med olsok
Forbodet mot grilling og bål legg ein dempar for feiringa av jonsok. Difor vel Våga og Omegn Grendalag å kombinera jonsok med olsok.
— Styret i Våga og Omegn Grendalag har vore i fyr og flamme lenge, og me har gledd oss til jonsokfeiring neste fredag 23. juni.
Slik byrjar pressemeldinga frå grendalaget om Jonsok. Det varme vêret og den låge mengda nedbør den siste tida gjer at eit førebels forbod mot bål og grilling gjeld fleire delar av landet.
Då måtte grendalaget ta eit val.
— Me ser at det ville vore ein nedtur å samla folk utan grilling og bål ein slik kveld, melder Arne Valen i pressemeldinga frå grendalaget.
Difor kjem styreleiaren med ei slags gladmelding. Jonsok vert ikkje avlyst, men berre flytta og slått saman med olsok 29. juli.
— Det vert markering av jonsok og olsok på same dag på Våga. Me ynskjer folk i hytter og hus ein god sommar, avsluttar Valen.