nyhende
André Mundal Haukås om nedprioritering av Hordfast:
– Utruleg trist for Vestlandet
Bergens Tidende melde tysdag om lekkasjar frå regjeringshald som tyder på at Hordfast blir nedprioritert og at det ikkje blir sett av pengar til dette prosjektet dei første seks åra av den nye NTP-perioden.
Dermed kan det ikkje bli byggestart før ein gong etter 2030.
– Dersom dette stemmer, er det utruleg trist for Vestlandet som landsdel. Hordfast er avgjerande for å binda landsdelen vår saman til ein stor og robust region, seier sveioordførar og leiar i Sunnhordlandsrådet André Mundal Haukås (H).
Taus statssekretær
Haukås var i Oslo saman med Haugalandrådet onsdag, og fortel at dei mellom andre møtte statssekretær Tom Kalsås i Samferdselsdepartementet.
– Me utfordra han på spørsmålet om lekkasjane stemmer eller ikkje, men han ville ikkje svara korkje ja eller nei på dette, seier Haukås.
Presenterer ny NTP
Regjeringa har varsla at dei vil presentera sitt forslag til ny Norsk Transportplan (NTP) fredag 22. mars.
– Det kjem ikkje overraskande om Hordfast er nedprioritert i dette dokumentet. Det har kome fleire liknande signal den siste tida. Regjeringa vil bruka mindre pengar på nye, store samferdselsprosjekt og meir på oppgradering av eksisterande vegar og jernbane. Det er truleg for seint å få regjeringa til å snu. No er det om å gjera å overtyda Stortinget om at det vil vera feil å utsetja det som Statens vegvesen peika på som det mest samfunnsøkonomiske og viktigaste vegprosjektet, seier sveioordføraren.
Og han legg til:
– Det gjeld også å overtyda bergensregionen om kor viktig Hordfast er, også for dei. Blir Hordfast utsett, vil både innbyggarar og næringslivet frå Stord og sørover orientera seg meir og meir mot sør. Særleg vil dette skje etter 2033 når Rogfast etter planen skal opna. Stavanger vil veksa og etter kvart utfordra Bergen sin status som landets nest største by.
Ny debatt om fylkesgrensa?
I kjølvatnet av ei slik utvikling ser ikkje Haukås bort frå at dette i neste omgang kan føra til ein ny debatt om fylkesgrensa.
– For Sveio er kanskje ikkje ei orientering sørover noko stort problem. Men heile regionen vil bli skadelidande av at me må venta endå lenger på eit ferjefritt samband mellom Stavanger og Bergen. Dette sambandet er mellom anna nødvendig også for å løysa mangelen på arbeidskraft ved å skapa ein sterkare bu- og arbeidsregion, seier Haukås.
Han ventar spent på NTP-en, også når det gjeld midlar til vedlikehald og oppgradering der både Sveio og resten av Vestland har store etterslep.