nyhende
Utmerkt for å halda liv i grenda
Den tredje buketten frå Vestavind har funne sin rette eigar, nærare bestemt Hanne Margrethe Ingebrigtsen (69) frå Sveio.
Ingebrigtsen, som held til på Tjernagel, er leiar i Bua kvinne- og familielag, leiar i bedehusstyret på Tjernagel, leiar i husstyret for skulehuset på Bua og elles aktiv i dugnadsarbeid. Lista over kva Ingebrigtsen balar på med, er altså lang.
— Eg er av den typen som ikkje kan seia nei, seier Ingebrigtsen når ho fortel om det friviljuge arbeidet ho gjer i nærområdet.
På bedehuset i Tjernagel er det mykje aktivitet. Kvar månad har dei styremøte, og elles arrangerer dei alt frå basarar til julefest med graut.
Glad i heimbygda
Hanne Margrethe Ingebrigsen har lang fartstid som gardin-seljar i ein husflidbutikk i Haugesund. Der jobba ho i mange år, heilt til 55-årsalderen. På dette tidspunktet prøvde ho noko nytt ved å gjera ein liten manøver: Ho tok sveinebrev i det såkalla bunadtilverknadsfaget, og jobba som bunadtilverkar i sju år. Frå ho var 62 og fram til per dags dato har ho selt bunader på Petra Løvik Broderi og Bunadsforretning i Haugesund.
Ingebrigtsen har budd mange år i Haugesund, men flytta attende til Tjernagel i 2010. Der stortrivst ho, og der kjenner ho seg 100 prosent heime. Mellom anna er det eit godt samhald blant innbyggjarane i grenda hennar.
Eit døme på dette er den uformelle turgruppa ho er med i. Kvar morgon samlar ho og nokre andre kvinner seg på Tjernagel for å gå tur saman. Dersom ein ikkje skulle ha mogleik til å vera med ein dag, kjem det alltid ein ny sjanse dagen etter.
På eit tidspunkt skal ei av dei som gjekk raskast, ha omtala turgruppa som ei «daffegruppe» fordi tempoet dei gjekk i vart i overkant moderat for henne. Dette var naturlegvis humoristisk meint, og Ingebrigtsen fortel at «daffegruppa» etter kvart fekk status som «turgruppe». Ho er særs glad for å vera ein del av gruppa, og for at ho i fellesskap med andre jamaldringar kan vera fysisk aktiv og nyta frisk luft i ei grend ho kjenner sterk tilknyting til.
Flittig handarbeid
På fritida tek eldsjela frå Tjernagel i bruk dei kreative evnene sine, anten det er gjennom strikkepinnar, broderi eller nål og tråd.
— Eg går inn i ei eiga verd når eg held på med handarbeidet.
Elles er Ingebrigtsen travel i rolla som bestemor med sine fire barneborn og to bonusbarneborn.
— Å vera bestemor er det kjekkaste som finst! seier ho uttrykkjeleg.
Hanne Margrethe Ingebrigtsen gjer ein stor, friviljug innsats for å halda liv i bygda, og for at hennar nære skal ha det godt. Vestavind ynskjer å takka denne eldsjela ved å overrekkja henne ein flott og fargerik blomebukett.