Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Utfordrarparti vil ikkje la seg styra
Tverrpolitisk Fellesliste og Industri- og Næringspartiet fekk 7,9 og 7,3 prosent oppslutning kvar i Sveio. TvF har symjeanlegg og barnehage som krav for samarbeid. INP seier dei ikkje vil samarbeida politisk med nokon.
For berre fem månadar sidan vart både Tverrpolitisk Fellesliste (TvF) og Industri-og Næringspartiet (INP) i Sveio oppretta. Komande periode får dei to representantar kvar i kommunestyret. Begge vart stifta som utfordrar til dei etablerte partia.
Så kva gjer dei no?
Står fritt
– Kan TvF verta støtteparti for borgarleg styre?
– Me står fritt til å samarbeida på sakene me har vore valt inn på, å utvikla Sveio sentrum, seier Asle Georg Halleraker, førstekandidat for TvF.
TvF marknadsførte seg som eit tverrpolitisk initiativ kor fokus skal liggja på lokale konkrete saker som til dømes nytt symjeanlegg, og ikkje nasjonale konfliktpunkt. Fråværet av band til eit landsdekkjande parti er ikkje tilfeldig, sidan lista deira innehaldt fire sitjande representantar i kommunestyret, kor to hadde forlet Arbeidarpartiet og to Høgre.
Krav til samarbeid
Halleraker stadfestar at dei er opne for å samarbeida, men at nokre krav må møtast.
– Ein skikkeleg kommunal barnehage i sentrum, ein idrettshall eller fleirbrukshall, og eit symjeanlegg som er framtidsretta og ikkje pytten som me har i dag som ikkje er open, seier han.
Sjølv om Høgre har vorte størst og gjort det beste valet, minner Halleraker om at det ikkje er lurt å la seg blinda av eit glansbilete.
– Eg ser mange som seier at Høgre gjorde eit veldig bra val, men dei har berre fem mandat, same som sist. Det er jo meir som status quo?
– Så dei får ikkje forkøyrsrett?
– Nei, breiddepolitikken er valets eigentlege vinnar, ikkje Høgre, seier han.
Ikkje med på nokon av debattane
INP ser på seg sjølv som ei stemme som hittil ikkje har vore høyrd i Noreg, og har som mål å hindra at Noreg står att utan industri. I løpet av valkampen var dei ikkje med på nokon av dei fire debattane, utan at det synast å straffa dei.
– Eg var oppteken med jobb offshore, så me glimta med fråvær av praktiske årsaker. Dessutan trur eg ikkje debattar er så store trekkplaster, sidan mange lokale parti held lik politikk på fleire områder, sa Sivertsen på SMS frå ei valvake.
I eit intervju med førstekandidat Cato Sivertsen forklara han motivasjonen som låg bak både for han og fleire andre på lista. Dei er uroa for det dei kallar nedbygging av Noreg, og at styrande politikarar ikkje er handlekraftige.
— Dei på lista ynskjer ein klarare visjon for kva som er viktig for framtida. Nokre av dei har behov for å sjå at det kan vera noko å by på til etterkomarane våre framover. Det har eg også, sa Sivertsen til Vestavind 8. april i år.
– Ikkje politisk samarbeid
Dagen etter valet er dei framleis glade og sjokkerte over kor bra det gjekk. Dei vil ikkje gje for mange svar om framtida, men seier følgjande:
– Me vil ikkje ha politisk samarbeid med nokon, men eit teknisk samarbeid der me lener oss mot høgresida, seier han.
– Kva vil det seia?
– At me samarbeidar for å få innverknad over kven som skal sitja i utvala og slikt, svarar Sivertsen.
– Så kva gjer INP i Sveio når høgresida legg fram politiske saker i kommunestyret?
– Då stemmer me i dei retningane som me meiner passar best for vår politikk, seier han.
Sivertsen fortel at dei har god dialog med dei borgarlege partia KrF, H, FrP og Sp, som har signert intensjonsavtale.
– Men når det gjeld politikken kjem me til å vera klar på kva me vil, seier han.