nyhende

Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Er du årets kvinnelege mjølkebonde?

2026 er FNs internasjonale år for kvinnelege bønder. No blir det leita etter landets nye mjølkeambassadør og Årets kvinnelege mjølkebonde.

Publisert

Det er Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt som står bak kåringa, og som annonserer vinnaren på Verdas mjølkedag 1. juni, skriv dei i ei pressemelding.

Bonden kan nominere seg sjølv eller bli nominert av andre på nettstaden melk.no/aktuelt/arets-kvinnelige-melkebonde. Nominasjonsperioden er open frå 29. april til 16. mai, og vinnaren får ein pengepremie på 20.000 kroner.

Fagjuryen beståande av Ida Berg Hauge frå Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt, Anne Myhr, leiar i Norges Bygdekvinnelag, Annechen Bahr Bugge, sosiolog og forskar på forbrukaråtferd og norske matvanar ved SIFO/OsloMet og Elisabeth Irgens Hokstad, kornbonde og tidlegare mjølkeprodusent.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS