nyhende

Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund.ILLUSTRASJONSFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Frå 1. juli vart det billigare å ta buss mellom Sveio og Haugesund.

Utfordrar planlegginga med skuleskyss

Dersom det blir nedlegging av skular, vil det bety at fleire elevar treng fraktast med buss.I ei høyringsuttale opplyser Skyss at dei treng tid for å planleggja korleis dette skal løysast.

Publisert Sist oppdatert

Den vanlege fristen for innmelding av skuleskyssbehov er seks månadar før skulestart. Dersom skulestrukturen blir endra, trengst det lengre tid, skriv Skyss på generelt grunnlag til Sveio kommune.

Desse opplysningane trekte John Kristian Økland frå Sveio Høgre fram i HOK-møtet 8. mars.

– I klare ordelag seier dei at ting går alt for fort. Reint praktisk seier Skyss at det er for seint, fristen for å melda inn skyssbehov er gått. Dette er ein stor og viktig ting me må ha kontroll på, sa Økland i møtet.

Dersom det måndag 12. april blir vedteke å leggja ned skular, vil det vera litt over fire månadar før skulestart. Rådmann Jostein Førre, har uttalt at han jobbar med å få til eit møte med leiinga i Skyss før saka skal avgjerast i kommunestyret måndag 12. april.

Skuleskyss er samarbeid

Skuleskyssen er organisert som eit samarbeid mellom kommunane og fylkeskommunen.

– Skyss arbeider for at det skal vera tett og god dialog mellom oss og kommunane/skulane – og det har me også når det gjeld Sveio. Endringar i skulestruktur kan gi utfordringar i planlegginga av skoleskyssen, som vi må løyse i fellesskap, seier Camilla Lundberg Berntzen, pressekontakt i Skyss.

Utfordrar planleggingstida

Sett frå Skyss si side, vil nedlegging av skular vil ofte gi auka behov for skuleskyss med tilsvarande auke i kostnadane, og behov for fleire bussar og sjåførar.

– Skyss vil kunne planlegga for endra behov for skuleskyss så snart me har informasjon om ny skulestruktur og talet på elevar som skal reise kor. Beslutning i april utfordrar planleggingstida, både hos oss og hos våre operatørar som skal iverksetje nye ruter. Spesielt er det behov for tidleg beskjed dersom det er endringar som gjer at ein ikkje har tilstrekkeleg tal bussar og sjåførar tilgjengeleg i området. Me reknar med vidare god dialog med Sveio kommune og vår operatør om løysingar på dette, opplyser pressekontakten.

Reisetid

Vestavind spør om reisetid for elevar, her blir det vist til skyssreglementet, der det står:

«Skyss/Kringom skal etterstreve å organisere ei samla reisetid (gangtid, ventetid og tid med transportmiddel) ein veg innanfor følgjande rettleiande rammer:

  • Omlag 45 min for 1.-4. årstrinn
  • Omlag 60 min for 5.-7. årstrinn
  • Omlag 75 min for 8.-10. årstrinn

Reisetidene er rettleiande og elevar med lang avstand mellom heim og skule må rekne med lengre samla reisetid.»

Powered by Labrador CMS