nyhende

Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Utfordrar arbeidsgjevarane til å tenke nytt

Det er fleire ledige stillinger i Sunnhordland enn arbeidssøkjarar. No utfordrar Nav arbeidsgjevarane til å sjå på kva mogelegheieter dei har til å lere opp kandidatar, framfor å sjå berre på kvalivikasjonane deira.

Publisert Sist oppdatert

I oktober har NAV registrert ein tilgang på 313 ledige stillingar. Snittet for 2022 er 503 lediges tillingar per månad – etter at året starta med over 800 stillingar fanga opp i både januar og februar.

Dette utgjer fleire enn talet heilt ledige i regionen.

— Det har vore ein stor etterspurnad etter arbeidskraft i heile år. Når det no er fleire ledigestillingar enn det er registrert heilt ledige er det naturleg å trekke fram korleis NAV kan hjelpe verksemder som kanskje slit med å få tak i den ønska kompetansen, seier Håvard Lægreid.

Utfordrar arbeidgjevarane til å tenke nytt

NAV-leiaren i Sunnhordland seier i ei pressemelding at han er samd med NAV-direktøren Hans Christian Holte i at tida er inne for å tenke nytt om korleis ein tiltrekker seg den arbeidskrafta ein treng – både i offentleg og privat sektor.

— Det handlar om å sjå godt på krava ein set til stillinga, og korleis ein kandidat med den rette vilja kan klare å fylle behovet med rett tilrettelegging og opplæring. Å tenke litt annleis enn tidlegare og å leite på stader ein ikkje har leita før meiner me vil auke høvene for å finne ein kandidat som kan vere med å dekke det behovet arbeidsgjevaren har, seier Håvard Lægreid.

1 av 5 i utanforskap

I september viste NAV til tal om utanforskap i arbeidslivet, der ein kan lese at omlag 1 av 5 står utanfor arbeidslivet – av ulike årasaker.

Det er desse Lægreid no peiker på.

— Erfaringa vår er at samarbeid med enkeltarbeidsgjevarar gjer at me kan finne gode løysninger for dei som står utanfor. Dette trur me kan vere eit godt tillegg til korleis verksemder finn den kompetansen dei treng for å levere på sine oppdrag. Verksemdene i Sunnhordland må vite at det er låg terskel for å ta kontakt med NAV for å sjå korleis me kan hjelpe i denne typen situasjonar, seier Lægreid

Låg ledigheit

I oktober registrerte NAV 1,0 prosent heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 25 personar i høve førre månad. I Sveio er ledigheitstala særs stabile. Ved utgangen av oktober var det registerte 28 ledige, mot 27 i september.

— Den låge arbeidsløysa held fram i Sunnhordland. Me ser at verksemdene i regionen for det meste klarar seg godt, og fleire enkeltaktørar har store rekrutteringsbehov, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Berre 41 prosent av dei ledige har stått tilmeldt NAV i meir enn 6 månadar – mot 58 prosent for seks månadar sidan.

— Me ser særleg positivt på at mange av dei som stod registrert lenge ledig verkar ha kome seg i arbeid. Dette ser me i samanheng med behovet i arbeidsmarknaden, seier Håvard Lægreid.

Heilt ledige i Sunnhordland:

 

Powered by Labrador CMS