nyhende

Auka etterspurnad etter egg rundt høgtider utfordrar produksjonen. Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK
Auka etterspurnad etter egg rundt høgtider utfordrar produksjonen.

Utfordrande å sikre norske påskeegg

Men eggsituasjonen no fram mot påske er betre enn frykta, meiner Nortura, Coop og Norgesgruppen, etter at fôrskandale og avliving av høner påverka leveringa av norske egg tidlegare i år.

Publisert Sist oppdatert

I fjor var det ei underdekning på 4.000 tonn egg og første gong på 15 år at Noreg hadde eit underskot på eigne egg. Eggmangelen hadde då vart sidan sommaren 2023.

Men Nortura seier det ikkje er fare for eggmangel til påske i år.

– Vi vil levere egg inn mot påska på nivå med påska i fjor. Prognosane viser at det vil vere behov for litt import, men det er aktørane i marknaden førebudde på, seier Matilda Aronsson, kommunikasjonsrådgivar i Nortura til Nynorsk pressekontor.

Likevel har ikkje året så langt vore utan utfordringar for norske eggprodusentar.

– Det kjem ikkje fleire høner på jobb berre fordi det er påske, seier Arronson.

Tømte ni hønsehus

I februar måtte Nortura kalle tilbake 10 millionar egg på grunn av fare for forgifting etter ein produksjonsfeil i hønsefôret, som inneheldt for mykje D-vitamin.

Alle dyra i ni hønsehus måtte avlivast. Seks av hønsehusa leverte egg til Nortura.

Trass i fôrskandalen, er situasjonen betre enn i fjor. Nortura har i underkant av 400 hønsehus som leverer egg til dei.

– Samanlagt har ikkje det dei store konsekvensane for leveringa inn mot påska. I tillegg har halvparten av bøndene vi rekrutterte i fjor no byrja å levere norske PRIOR-egg inn mot påska.

Det blir altså noko import, men Aronsson i Nortura fortel at dei importerte egga i hovudsak blir brukt i industrien.

Kortvarig mangel

Knut Lætnes, seniorrådgivar for kommunikasjon og myndigheitskontakt i Coop, skriv til Nynorsk pressekontor at etterspurnaden etter egg er stor og vil auke mot påske.

– Hovudleverandøren vår av egg, Den Stolte Hane, leverer omtrent på same nivå som i fjor, og vi importerer òg litt egg for å dekke den kommande toppen, skriv Lutnæs.

– Det kan kanskje bli kortvarig mangel på enkelte variantar i enkelte butikkar, men vi meiner vi samla sett har godt med egg, legg han til.

Også Norgesgruppen – som mellom anna har butikkane KIWI, MENY, Joker, SPAR og Nærbutikken – seier dei samanlikna med i fjor har omtrent lik leveranse i år, og at forbrukarane må forvente at dei kanskje ikkje får akkurat den varianten av egg dei vil ha i alle butikkane.

– Kundane vil ha norske egg, og vi gjer vårt beste for å ha nok, men sidan sommaren 2023 har det vore utfordrande eggtider, seier Kine Søyland, kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, til Nynorsk pressekontor.

Powered by Labrador CMS