nyhende

Fagdagen for helse og omsorg samla 45 deltakarar i Soknehuset:

Utfordra til tettare helsesamarbeid

Stortingsrepresentant Tove Elise Madland (Ap) frå Vindafjord oppfordra kommunane på Haugalandet til tettare samarbeid om helse- og omsorgsoppgåver då ho heldt innlegg på fagdagen for helse og omsorg.

Publisert Sist oppdatert

– Eg snakkar ikkje om kommunesamanslåing, men om meir interkommunalt samarbeid for å løysa oppgåvene, sa stortingsrepresentanten som sjølv har lang erfaring frå demensormsorg.

Ho var ein av innleiarane under fagdagen på Soknehuset torsdag.

Felles kommuneoverlege?

Leiaren i hovudutvalet for helse og omsorg (HOK), Arne Valen (Sp) er einig og nemner som eksempel at Sveio og Tysvær kunne hatt felles kommuneoverlege. Slikt samarbeid over kommunegrensene er prøvd i områda rundt Harstad og Hamar, kan Valen fortelja.

Rekruttering av helsepersonell var første tema i Madland sitt innlegg. I staden for å konkurrera med kvarandre om legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell ved å overby kvarandre på løn og andre vilkår, meiner ho kommunane i regionen kan bli flinkare til å samarbeida og dra nytte av kvarandre sine sterke sider.

– Kommunane kan ikkje rekna med å få meir frå staten. Dei må arbeida smartare for å nå over alle dei aukande utfordringane som mellom anna eldrebølga fører med seg, sa Madland.

Nøgd med frammøtet

Fagdagen samla 45 deltakarar. Arne Valen er nøgd med oppslutninga, og ikkje minst med samansetjinga av forsamlinga. Han nemner fagfolk og representantar for brukargrupper som brukarhuset til Helse Fonna og pårørandeforeininga ved Sveio omsorgssenter.

Valen er ekstra glad for at både eldrerådet og ungdomsrådet var representert. Ordførar André Mundal Haukås (H) opna fagdagen og var til stades heile dagen. HOK var representert ved Valen og Anne Vierdal (KrF).

– Eg lærte mykje nytt mellom anna om Helsefellesskapet som er etablert mellom Helse Fonna og kommunane, fortel Valen.

Helsekvarter

Dette fellesskapet blei presentert av samhandlingskoordinator Marianne Wennersberg frå Helse Fonna.

Valen seier det også var interessant å høyra samfunnsutviklingsjef John Fredrik Rognsvaag og omsorgssjef Anna Henriette Hovland presentera planane for helsekvarteret som Tysvær er i ferd med å realiserta.

– Sjølv om me i Sveio ikkje har ressursar til å gjera noko liknade, seier han.

Tiltak mot einsemd

Etter avsluttande innlegg frå kommunalsjef for helse og omsorg, Ingunn Toft, blei deltakarane på fagdagen inviterte til å koma med innspel til den helse- og omsorgsplanen som administrasjonen no arbeidar med og skal leggja fram for politikarane seinare i år. Her var engasjementet stort, særleg med tanke på eldre sine behov.

Med utgangspunkt i føresetnaden om at eldre skal bu heime så lenge som mogleg, blei temaet einsemd tatt opp. Det kyrkjelege diakonirådet lanserte tanken om ei besøksteneste og kanskje oppretting av ei diakonstilling for dette føremålet.

Eldretun

Bustader der eldre kan bu trygt med kort veg til helsetenester og med nærleik til sosialt fellesskap med kvarandre. Nokre forslag gjekk ut på å oppretta slike eldretun i dei fleste bygdene, andre andre i Sveio og Førde eller berre i sentrum for å sikra kort veg til ulike offentlege og private tenester.

Skyssordning frå bygdene og inn til sentrum og oppretting av kafé ved omsorgssenteret var andre forslag, som blei lufta.

Hindra utanforskap

For barn og unge blei det nemnt tiltak for å hindra utanforskap, hjelp som kan hindra at unge fell utanfor skule og arbeidsliv og behovet for meir sosial kompetanse inn i skulane.

Når det gjeld vaksne blei det nemnt tiltak som førebygging av fattigdom og integrering av flyktningar. Frivilligsentralen sitt bidrag til køyreopplæring av innvandrarar blei løfta fram som eit viktig tiltak for at desse gruppene også kan bli busette i bygder der kollektivrutetilbodet er dårleg.

Kan bli årleg

Kommunalsjefen lova at alle innspela vil bli tatt med og vurderte i det vidare arbeidet med helse- og omsorgsplanen.

– Eg beklagar at me ikkje hadde førebudd eit opplegg for evaluering av fagdagen, men alle tilsette vil få høve til å vurdera utbytet i etterkant. Kanskje kan slike fagdagar bli eit årleg innslag i framtida, seier Arne Valen.

Powered by Labrador CMS