nyhende

Skisse over Sveio skule, og korleis uteområdet kan bli.
Skisse over Sveio skule, og korleis uteområdet kan bli.

Uteområdet vil bli eit løft for både skulen, sentrum og kommunen

Dersom politikarane seier ja til planane for uteområde på Sveio skule, kan det vera klart til skulestart neste haust. I formannskapet er dei opptatt av økonomi, og om gummidekke eller fallgrus var rett å satsa på. Men forseinkingar ønsker dei ikkje.

Publisert Sist oppdatert

Elevar på Sveio skule har i nær 50 år klart seg med få leikeapparat og aktivitetar å gjera på i friminuttane. Dei siste åra, har rundt 500 elevar delt på ei jungelløype, ein liten ballbinge (begge reist av FAU), ein grusbane og nokre mindre, eldre aktivitetsapparat på småskulen sitt uteområde. I samband med nybygg og rehabilitering av skulen, er det tenkt at uteområdet også skal få seg eit løft, politikarane tar stilling til planane i desse dagar.

Grundig arbeid

Det siste halve året har det blitt jobba med å realisera planen, der elevar, elevrådet og FAU ved Sveio skule har fått kome med innspel. Det har også vore fleire møte, med med frivillige organisasjonar, (Sveio idrettslag og Sveio bygdelag), FAU, rektor på skulen og administrativt tilsette.

– Ei investering i uteområdet på Sveio skule vil glede mange fleire enn dei som ferdast i skulegarden til dagleg, kommenterer rådmannen i sakspapira.

Redd for meirkostnadar

Då gladsaka var oppe til behandling i formannskapet måndag kveld, var det mange smil og gode ord rundt den korona-vennlege bordsetjinga.

Rune Teikari frå Sveio FrP var likevel noko alvorleg med tanke på økonomien i prosjektet. Han viste til kostnadssprekk på bygginga av skulen, og ønskte at ingenting skal setjast i gong ute, før ein veit sikkert at det ikkje kjem fleire overraskingar på Sveio skule, som blir heilt ferdigstilt i desse dagar.

– I eit vedtak har me økonomisk ansvar. Me har tid til å venta ein månad til skulen er ferdigstilt, då kan me gjera eit vedtak me er trygge på, sa Teikari.

Vil ikkje svikta skuleungane

Det blei litt diskusjon rundt skule og uteområde, og om det var rett å kopla prosjekta, og potensielt la uteområdet li for at skulebygningane blei dyrare enn venta.

– Isolert sett er det ikkje så mykje å gjera med budsjettet, me har ikkje særlege argument for å utsetja prosjektet. Det må i størst mogleg grad vera klart til skulestart, uttalte Håkon Skimmeland (Ap) som ikkje ville svikta skuleungane.

– Eg kjem ikkje til å støtta Teikari. Saka står seg sjølv, og eg er usikker på kva me skulle redusert på. Me skal ta lærdom av budsjettprosessen med Sveio skule, og vedta realistiske budsjett, sa Linn Therese Erve (Ap).

Gummidekke tapte

– Uteområdet er ein del av det totale prosjektet. Det er ikkje tilrettelagt for hverken fotball eller rullestolbrukarar om uteplassen består av grus og pukk, sa Monica Valen frå Sveio Senterparti, som sa seg einig i at ein bør vedta realistiske budsjett i framtida.

Til trass for at dei fleste ikkje ville blanda kostnadsoverskridinga frå skulebygginga over i uteområdet, var fem av sju for Teikari sitt framlegg til vedtak, som seier at «arbeidet med realisering av aktivitetsanlegg og ferdigstilling av uteområdet skal ikkje startast før resterande arbeid med Sveio skule (inkludert møblering) er bekrefta gjennomført innanfor løyvde rammer. Det er ynskjeleg at arbeidet startar våren 2021, med målsetting om å vere ferdig til skulestart hausten 2021»

Når det gjeld bruk av fallgrus istadenfor gummidekke, vann Lars Einar Hollund fram – det er ikkje ønskeleg å nytta gummidekke av omsyn til miljøet. Fire av sju støtta Hollund i avstemminga.

Innhaldsrike planar

Planen som er utarbeida for utbygging av aktivitetsanlegg for heile skulen, består mellom anna av zip-line, klatrepyramide, ny ballbinge, skatepark med pumptrack, eit mindre aktivitetsanlegg med amfi og treningsapparat. Det er også sett av pengar til diverse stein og beplantning, slik at uteområdet vil bli ferdigstilt.

Lokale lag bidrar med både løysingar. Sveio IL ønskjer at det blir bygd ein ballbinge med kunstgras for 5’ar-fotball, der dei vil bidra med dugnad for å få realisert anlegget.

Anlegget skal finansierast med: Beløp
Tilskot frå spelemidlar 1 546 095
Meirverdiavgiftskompensasjon 1 455 630
Dugnadsinnsats, frivillige 285 000
«Koronamidlar» 2020 kr 550 000
Sum 3 836 725

Anlegget skal vidare finansierast med eigenkapital frå Sveio kommune, og forskottering av spelemidlar. For 2021, blir det sett av 5,73 millionar kroner inkl. mva. slik at arbeidet kan starta.

Powered by Labrador CMS