NTB-NPK: Den verste julestria er kanskje over for mange, og romjula er ei tid for rolege dagar. Det kan føre til mykje innetid, men det finst òg gode moglegheiter for uteopplevingar.
Før julaftan er det mykje som skal ordnast, kjøpast, bakast og pyntast, og mykje vi føler vi må. Etterpå kjem dei litt rolegare romjulsdagane, og då er det fint å kunne nyte fridagane om ein har det.
– Mitt beste tips denne jula er å invitere nokon du er glad i med på ein koseleg juleaktivitet. Det kan gi ein skikkeleg stemningsboost å vere ute i frisk luft, seier Bente Lier, generalsekretær i fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv.
Dei nasjonale smittevernreglane er tydelege på at vi framleis kan møtes utandørs.
– I desembermørket er det ein heilt eigen stemning og ro ute i skogen som ein må oppleve, påpeiker Lier.
Pustepausar
– Å kome seg ut i naturen kan vere ein fin måte å få litt avstand frå alt anna som stel merksemd i kvardagen, seier Dag Terje Klarp Solvang, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).
Klarp Solvang oppfordrar alle til å ta seg tid til pustepausar og kjenne på julefreden på tur. Han tipsar om å oppsøkje nye turmål, eller kanskje å finne på morosame uteaktivitetar for borna.
Ein er heller ikkje avhengig av snø for å gjennomføre mange av aktivitetane.

Bål hører til på vintertur.FOTO: NPK
Hva med en tur i nærnaturen?FOTO: NPK
Tips til uteaktivitetar
* Ta eit isbad: Å ta eit vinterbad er sunt. Pass på tryggleiken til alle som skal bade og følg med på kvarandre. Ullsokkar og hue mens du badar er også eit lurt tips.
* Bålkos: Eit varmande bål og noko godt og varmt i koppen gir gode moglegheiter til å ta eit djupt utpust og la julefreden senke seg.
* Gå tur med hovudlykt: Utstyrt med ei hovudlykt eller lommelykt kan ein gå tur ute sjølv om det er mørkt ute. Det er noko heilt spesielt med å gå tur i mørket, og lytte til skogen.
* Nyt eit måltid ute: Anten om det er julefrukosten eller romjulsselskapet, er det spennande å prøve noko nytt. Kanskje du pakkar med favorittane får julefrukostbordet for ein frisk start på dagen, eller tar middagen på bålet om kvelden.