Frå Agder til Troms skal det dei neste vekene gjennomførast ei stor militærøving. Då vil marinefartøy og lufteiningar frå fleire land trene på maritim krigføring i norske farvatn.FOTO: NPK
NPK-NTB: Marinefartøy og lufteiningar frå fleire land skal dei kommande vekene trene på maritim krigføring i norske farvatn frå Agder til Troms.
Nærvær ved olje- og gassinstallasjonane er ei prioritert oppgåve under marineøvinga Flotex 22, opplyser Forsvaret.
Frå starten av øvinga onsdag kan det fram til 10. desember ventast høg aktivitet både på sjøen og i lufta. Mellom anna vil det frå 28. november gjennomførast fleire skyteøvingar i Andfjorden og Vågsfjorden i Troms, øvingar som kan høyrast frå land.
Trond Gimmingsrud, sjef for Marinen, seier den årlege øvinga blir gjennomført for å sikre god kompetanse om bord på fartøya og for å trene på krigføring i norske farvatn saman med allierte og einingar frå Luftforsvaret.
– Sjølv om den tryggingspolitiske situasjonen er endra, så er det viktig for oss å gjennomføre øvinga i år. Øvinga bidreg til beredskapen vår, og vi har utvida øvingsområdet for å vareta behovet for nærvær under øvinga, seier Gimmingsrud.