nyhende

Straumprisane fell. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Straumprisane fell.

Utanlandskablar og flaskehalsar gav dobbelt så høg spotpris sør i Noreg

Spotprisen i prisområdet mellom Sunnhordland og Buskerud, var over dobbelt så høg som i resten av Sør-Noreg i tredje kvartal.

Publisert Sist oppdatert

Spotprisen i tredje kvartal var i snitt på 44,47 øre/kWt i prisområde NO2, som omfattar området mellom Sunnhordland og Buskerud.

Tilsvarande pris for NO1, som omfattar Austlandet, var på rundt 20,89 øre/kWt, medan prisen i NO5, som omfattar Vestland, var på 21,16 øre/kWt, viser tal frå straumbørsen Nord Pool.

Fall i straumprisane

Straumprisen fall mykje i alle prisområda i Noreg frå andre til tredje kvartal, bortsett frå i NO2, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB) på nettsidene sine.

– Det kan sjåast i samanheng med god utvekslingskapasitet i Sørvest-Noreg mot utlandet, der prisane var høgare, samtidig som moglegheita for å overføre straum frå dei andre spotprisområda inn til Sørvest-Noreg ikkje var tilstrekkelege til å jamne ut prisforskjellen, skriv SSB.

To utanlandskablar i NO2

To utanlandskablar ligg i NO2. Straumkabelen North Sea Link strekkjer seg frå Suldal i Rogaland til Blyth i England, medan kabelen Nordlink går frå Sirdal i Agder til Schleswig-Holstein i Tyskland.

Samtidig er det flaskehalsar i straumoverføringa mellom NO2 og dei andre områda.

Straumn nettleige og avgifter

Straumprisen totalt heldt likevel fram med å falle i tredje kvartal, og har no falle gjennom heile 2024.

Straumprisen for hushald, medrekna avgifter og nettleige, men før straumstøtta blir trekt frå, vart på 112,4 øre/kWh i kvartalet, viser SSB-tala.

Sjølve straumprisen utgjorde 35,3 øre/kWh av den samla prisen, medan nettleige stod for 40,1 øre/kWh og avgifter for 37,0 øre/kWh.

Med straumstøtta trekt frå enda den gjennomsnittlege straumprisen for hushalda i Noreg på 112,3 øre/kWh i kvartalet, noko som er 12 prosent lågare enn kvartalet før og rundt 18 prosent lågare enn i første kvartal i år.

Powered by Labrador CMS