nyhende

– Den store drivaren i oppgangen på utanforskap lokalt er busetting av flyktningar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.
– Den store drivaren i oppgangen på utanforskap lokalt er busetting av flyktningar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

Utanforskapen frå arbeidslivet aukar

I august står 1,1 prosent av arbeidsstyrken heilt ledige i Sunnhordland. Det er ein nedgang på 50 personar i høve til førre månad, og eksakt same tal personar som same månad året før.

Publisert Sist oppdatert

I Sunnhordlandvar det i august lågast arbeidsløyse i Fitjar (0,7 prosent) og Stord (0,9 prosent). Snittet for heile Sunnhordland er på 1,1 prosent, noko som er lågare enn gjennomsnittet for både Vestland(1,8 prosent) og landet(2,0 prosent).

August i Sveio er lik juli med 33 heilt ledige, noko som utgjer 1,2 prosent av arbeidsstyrken. Sveio er saman med Tysnes (1,2 prosent) og Bømlo (1,5 prosent) dei ter kommunane som ligg over gjennomsnittet for Sunnhordland.

Stabilt låg arbeidsløyse

– Arbeidsløysa har vore under to prosent i 30 månadar – sidan januar 2022. Det er følgeleg ei særleg stabilt låg arbeidsløyse me ser i Sunnhordland. Samstundes ser me at utanforskapen aukar, seier Håvard Lægreid, leiar i NAV region Sunnhordland.

I august var det 281 ledige stillingar i regionen. Flest stillingar er det er i helse-, pleie- og omsorg (81) og ingeniør- og IKT-fag (37), samt butikk- og salsarbeid (36).

Utanforskapen i Sunnhordland

NAV har dei siste åra produsert ein analyse av utanforskapen frå arbeidslivet. Dette er eit augeblikksbilete av innbyggarane sin situasjon ved utgangen av året. Frå 2021 til 2022 registrerte NAV ein nedgang.

Tala for desember 2023 syner ein oppgang. 1 av 5 personar i Sunnhordland, eller 20,1 prosent, står utanfor arbeidslivet – anten med eller utan ei yting frå NAV. Tala speglar det nasjonale snittet, medan Vestland er fylket med lågast andel.

– Den store drivaren i oppgangen lokalt er busetting av flyktningar. Oppgangen tek me på største alvor, og me lyt jobba godt på tvers av sektorar for å sikra at alle som vil og kan får ein moglegheit i arbeidslivet, seier Lægreid.

Aldersgrupper og ytingar

Av alle i aldersgruppa 20-66 som står utanfor arbeidslivet, mottek omlag to tredjedelar ei yting frå NAV, medan den siste tredjedelen står utan yting og utanfor arbeidslivet.

18,6 prosent av dei unge (20-29 år) står utanfor arbeidslivet. Halvparten av dei unge i utanforskap mottek ei yting frå NAV, medan den andre halvparten ikkje mottek noko.

–  Dette utgjer ein liten nedgang i andelen unge i utanforskap frå arbeidslivet – mot 18,9 i fjor. Fleire av dei unge som står utanfor mottek i år ei yting frå NAV, og me vonar dette betyr dei står betre posisjonert i høve til å koma seg i arbeid, seier Lægreid.

Powered by Labrador CMS