nyhende

Det kan bli nokre timar med tom kai i Buavåg. Arkivfoto: Thomas Vallestad Drageset
Det kan bli nokre timar med tom kai i Buavåg.

Usikkert om det blir ferjeavgangar i dag

Allereie klokka 19.39 måndag kveld meldte Fjord1 at sambandet Langevåg–Buavåg var innstilt grunna dårleg vêr.

Publisert Sist oppdatert

Tidleg tysdag morgon melder Fjord1 at ferja er innstilt inntil vidare. Stormen «Hans» er årsaka.

Vinden har auka til 15-16 m/s som middelvind med opp i liten storm i kasta i Bømlafjorden. Ifølge vêrmeldingane vil dette vêrbildet halda seg gjennom heile tirsdagen. I Langevåg er det meldt full storm i vindkasta i heile dag, medan Buavåg er litt meir i le og får vindkast «berre» i liten storm styrke.

Vestavind har prøvd å ringa regionsjef i Fjord1 på morgonkvisten for å få svar på om det er håp om ferjetrafikk over Bømlafjorden i dag. Me har i skrivande stund ikkje fått svar, men i går sa Tor Kristoffersen mellom anna at å køyra rundt kan vera eit reelt alternativ i dag.

Powered by Labrador CMS